Tantawan Tuatulanon (thai: ทานตะวัน ตัวตุลานนท์) er ein thailandsk studentaktivist som har teke til orde for å avskaffe paragraf 112 i den thailandske straffelova, og reform av det thailandske monarkiet. Ho står overfor rettslege prosessar i Thailand for å ha brote lovene i landet om majestetsfornærming. Ho vart arrestert den 13. februar 2024 saman med ein annan aktivist, skulda for oppvigling og datakriminalitet for etter seiande å ha trakassert ein bilkortesje med den thailandske kongefamilien i Bangkok.

Då straffedomstolen avviste søknadene deira om kausjon, som var innsend av Thai Lawyers for Human Rights, lova Tantawan og den andre aktivisten, Natthanon Chaimahabutra (begge to medlemmer av aktivistgruppa Taluwang), å byrje ein sveltestreik i fengselet. I eit handskrevet uttale av Tantawan overlevert til media etter rettsavgjerda, kravde dei to aktivistane reform av det thailandske rettssystemet. Dei la også til at ingen skal måtte bli fengsla på grunn av ulike politiske meiningar, og at Thailand skal avvisast når landet stiller til val i FNs menneskerettsråd.

Tilstanden hennar vart alvorleg forverra den 22. februar 2024, som ifølgje Thai PBS World, den engelskspråklege nettstaden til Thai PBS, var den niande dagen av sveltestreiken. Ho vart då flytta til Thammasat universitetssjukehus. Ho var på det tidspunktet svekt og hadde gått mykje ned i vekt. Tantawans far sende den dagen eit krav til straffedomstolen med krav om kausjon for både dotter si og Natthanon. Blodprøva til Tantawan viste fredag 23. februar eit svært høgt nitrogennivå i blodet, dehydrering og acidose. Faren uttalte til media den 24. februar 2024 til Thai PBS World at helsa til begge aktivistane hadde vorte dårlegare «etter 11 dagar i sveltestreik». Han kunne fortelje at Natthanon var i veldig dårleg form. Natthanon verka desorientert og kunne knapt snakke. Tantawan kunne framleis snakke, men stemma hennar var knapt høyrbar. Begge to nekta per 25. februar 2024 å ta imot medisinsk behandling, og den uavhengige thailandskspråklege nettavisa Prachatai melde at det klokka 13:50 vart bestemd at Tantawan og Natthanon ikkje skulle innvilgast lauslating mot kausjon. Den 8. mars 2024 vart fengslinga av dei to aktivistane forlengde til 20. mars 2024, grunngitt med at politiet skulle kunne få avhøyre fleire vitne.

Den 24. februar 2024 hadde andre demonstrantar og aktivistar byrja protestar mot avslaget på kausjon for Tantawan og Natthanon ved Sigersmonumentet i Bangkok, og kravde lauslating av andre politiske fangar.

Bakgrunn Tantawan studerte marknadsføring ved eit universitet i Singapore. Ho reiste tilbake til Thailand på semesterferie, og då koronapandemien braut ut, gjekk universitetet over til heimeundervisning på nett. Samtidig med heimeundervisninga deltok ho i demonstrasjonar mot regjeringa. Då ho hadde delteke på mange demonstrasjonar, byrja ho å jobbe med fleire prodemokrati-grupper, blant dei WeVolunteer, Draconis Revolution og Taluwang. Ho uttalte til journalistar at ho avslutta studiet ved universitetet i Singapore og bytte studieretning til rettsvitskap på juridisk fakultet ved Thammasat-universitetet etter å ha delteke i gatedemonstrasjonar og oppdaga urettferda i det thailandske samfunnet.

Angripe av ultrarojalistar Den 10. februar 2024 var ho med på ei samling av aktivistar og borgarjournalistar i Siam-handlestrøket i Bangkok, då dei vart angripne av ultrarojalist-grupper som følgde med på samlinga. Hendinga skjedde ved utgangen av Siam skytrain-stasjon ved kjøpesenteret Siam Paragon. Då ho las opp ein uttale ho hadde førebudd, klatra ultrarojalistane over metallgjerda som dei tilsette ved kjøpesenteret hadde plassert ut for å blokkere utgangen til Skytrain-stasjonen, og angreip aktivistane. Ifølgje den uavhengige engelskspråklege nettavisa Prachatai English, vart ti aktivistar, to borgarjournalistar, og ein person som var tilskodar til hendinga, skadd.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Tantawan «Tawan» Tuatulanon på Facebook Tantawan «Tawan» Tuatulanon på Instagram Augneblinken aktivistane Tawan og Natthanon vart sendt i fengsel, då retten nekta dei kausjon etter § 116 i saka om forstyrring av ein kongeleg kortesje The Sun Shines Here Comes The Sun Kategori:Thailandske aktivistar Kategori:Konfliktar i 2024 Kategori:2024 i Thailand