Stilksporesoppar (Basidiomycota) er den eine av to store grupper som soppriket tradisjonelt blir delt i, den andre gruppa er sekksporesoppar. Desse to gruppene blir gjerne rekna som «høgare sopp». Nokre forskarar samlar dei i underriket Dikarya i soppriket. Felles for alle stilksporesoppar er at dei kjønna sporane blir danna utvendig på små stilkar, sterigmar, i toppen av oftast kølleforma celler som blir kalla basidiar.Høiland, Klaus: stilksporesopper i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 2. august 2022

Stilksporesoppane omfattar dei fleste av dei velkjende soppgruppene, som skivesoppar, røyrsoppar, kjuker, gelésoppar, røyksoppar og kantarellar, men også av fleire soppgrupper som ikkje dannar store fruktlekamar, som rustsoppar og sotsoppar.

Generelt består stilksporesoppar av hyfar, og reproduserer seg seksuelt ved hjelp av klubbeforma celler i enden av hyfar som kvar har fire meiosporar festa på utsida ved hjelp av ein liten stilk. Desse seksuelt produserte sporane blir kalla basidiosporar. Nokre stilksporesoppar reproduserer seg aseksuelt.

Klassar Ifølgje Catalogue of Life inneheld denne divisjonen følgjande klassar.Bánki, O., Roskov, Y., Döring, M., Ower, G., Vandepitte, L., Hobern, D., Remsen, D., Schalk, P., DeWalt, R. E., Keping, M., Miller, J., Orrell, T., Aalbu, R., Adlard, R., Adriaenssens, E. M., Aedo, C., Aescht, E., Akkari, N., Alfenas-Zerbini, P., et al. (2022). Catalogue of Life Checklist (Versjon av 12. juli 2022). Catalogue of Life.

Basidiomycota, stilksporesoppar Agaricomycetes, ekte hymeniesoppar Agaricostilbomycetes Atractiellomycetes Bartheletiomycetes Classiculomycetes Cryptomycocolacomycetes Cystobasidiomycetes Dacrymycetes, tåresopper Entorrhizomycetes Exobasidiomycetes, klumpbladsoppar Geminibasidiomycetes Malasseziomycetes Microbotryomycetes, uekte sotsoppar Mixiomycetes Pucciniomycetes, ekte rustsoppar Tremellomycetes, ekte gelésoppar Tritirachiomycetes Ustilaginomycetes, ekte sotsoppar Wallemiomycetes Slekter utan klasse Anastomyces Anguillomyces Anthoseptobasidium Arcispora Arrasia Brevicellopsis Capitulocladosporium Celatogloea Cystogloea Dacryomycetopsis Frantisekia Hallenbergia Kryptastrina Microstella Mycetophagites Neotyphula Nodulospora Paraphelaria Punctulariopsis Radulodontia Restilago Synaptomitus Teliosporites Zanchia Zygodesmus Zygogloea

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stilksporesopper» frå , den 4. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stilksporesoppar