Neu-Isenburg er ein by og ein kommune i sørdelen av forbundslandet Hessen i Tyskland, like sør for Frankfurt am Main. Kommunen omfattar 24,3 km² og 39 000 ibuarar. Byen ligg straks aust om Frankfurt lufthamn.
Neu-Isenburg vart grunnlagt i 1699 som eit fristad for hugenottar. Frå kringom 1900 dominerte industri næringslivet i mange tiår. I dag er staden i hovudsak ein handelsby og ein forstad til storbyen Frankfurt. I nærområda er byen kjent for kjøpesenteret Isenburg-Zentrum (IZ), Hugenottenhalle og utandørs-kinoen Gravenbruch.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neu-Isenburg» frå , den 20. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Hessen