Kaare Steel Groos () var ein norsk jurist og politikar frå Grimstad.

Groos vart utdanna jurist i 1941. Frå 1946 dreiv han eige advokatfirma i Kristiansand til 1961. Sidan var han skule- og sosialrådmann i Kristiansand kommune frå 1962 til 1982.

Groos engasjerte seg i lokalpolitikken og hadde mange verv i sørlands-byen. Mellom anna var han varaordførar frå 1955 til 1957. Perioden 1958-61 var han stortingsrepresentant frå Vest-Agder for Høgre. På Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen til 1959 og seinare Justiskomiteen.

Kjelder

stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Lokalpolitikarar i Kristiansand Kategori:Høgrepolitikarar i Vest-Agder Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Grimstad Kategori:Folk frå Kristiansand