Maren Grøthe () er ein norsk politikar frå Hølonda som 2021-23 representerte Sør-Trøndelag og Senterpartiet på Stortinget.
Grøthe var medlem i kommunestyret i Melhus frå 2019, der ho vart vald til leiar av utvalet for helse og oppvekst. Gjennom stortingsvalet 2021 vart ho vald til fyrste vararepresentant for Senterpartiet i Sør-Trøndelag. Då representanten Ola Borten Moe frå 14. oktober 2021 var statsråd i Støre-regjeringa, rykte Grøthe inn på fast plass på Stortinget, som den aller yngste nokon gong. På Tinget var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen. 4. august 2023 måtte Moe ga ut av regjeringa, han tok då plassen sin i Stortinget.
Kjelder
stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Melhus