Sunnhordlandsdialekten er dialekten som vert tala i Sunnhordland, særleg kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Kommunane lenger sør (Sveio, Etne, Ølen) har dei siste tiåra nærma seg haugalandsdialekten, medan ein i Austevoll snakkar ein blanding mellom strilamål og sunnhordlandsdialekt.

Kjenneteikn ved sunnhordlandsdialekten tidlegare rulle-r /r~ɾ/ er i stor grad erstatta med ein «mjuk» skarre-r /ʁ~ɐ/, mindre markert enn i bergensk og strilamål /ʀ/ artikkelen «det» heiter «da», «da va ein løyen skjeggvekst» o-endingar i bunden form eintal av hokjønnsord. «Jento va fin(e) på håre» o-ending i bunden form fleirtal av inkjekjønnsord. «Sekunno gjekk sakte» kj-lyden /ç/ vert uttald som ein tsj-lyd /tʃ/, men ikkje som ein sj-lyd /ʃ/; Tsjetil /tʃeːtʰɪlː/, ikkje Kjetil /çeːtʰɪlː/ eller Sjetil /ʃeːtʰɪlː/ kort y vert ofte uttalt som ü eller u, tuggja, sukkel òg vert på Stord, Fitjar og Bømlo ofte uttalt med lang o, ikkje med lang å som i resten av Sunnhordland. a-infinitiv a-ending på hokjønnsord i ubunden form: ei jenta, ei stjerna æ-ar i skriftspråket vert som oftast uttalte som e-ar, til dømes militere, lerar, eren(d) i staden for militæret, lærar og ærend

Grammatikk

+ Substantiv Eintal Fleirtal Ubunden form Bunden form Ubunden form Bunden form m. ein båt båtn båta båtane m. ein storm stormen storma stormane m. ein sau sauen saue sauena f. ei sia sio sie si(e)na f. ei samling samlingo samlinga samlingane n. et hus huse hus huso

+ Pronomen Sunnhordlandsk Nynorsk Subjektform Objektform Eigeform/eigeord Subjektform Objektform Eigeform/eigeord eg meg minn, mi, mitt, mine eg meg min, mi, mitt, mine du deg dinn, di, ditt, dine du deg din, di, ditt, dine han han hans han han/honom hans ho ho/hene henas ho ho/henne hennar da da - (te da) det det (dess) me oss våras me/vi oss vår, vårt, våre dåke dåke dåkas de dykk dykkar dei/di dei/di deiras dei dei deira

Ordtilfang

+ Spørjeord Sunnhordlandsk Nynorsk ka kva kin/kim, ken/kem kven kor kor, kvar koffor korfor, kvifor kossn korleis kass kva for ei(n)/eit, kva slags

+ Andre ord Sunnhordlandsk Nynorsk ditta dette dinne, dinna denne so so, så itte etter øve over (yver) nòke, nókó noko ansleis annleisKa bala du med?Kva held du på med?

+ Talord Sunnhordlandsk ein to tre fira fem seks sju åtta ni ti edleve toll trettn tjue tretti førti femti seksti søtti åtti nitti hondra tusn Nynorsk ein to tre fire fem seks sju åtte ni ti elleve tolv tretten tjue tretti førti femti seksti sytti åtti nitti hundre tusen

Kategori:Norske målføre Kategori:Vestlandske målføre Kategori:A-mål Kategori:Sunnhordland Kategori:Stord kommune Kategori:Bømlo kommune Kategori:Fitjar kommune Kategori:Sveio kommune Kategori:Tysnes kommune Kategori:Kvinnherad kommune