Industri- og Næringspartiet (INP) er eit politisk parti i Noreg som blei skipa på Vemork på Rjukan den 29. februar 2020. Det skildrar seg sjølv som sentrumsorientert. Ungdomsorganisasjonen til partiet er Industri- og Næringspartiet Ungdom (INPU).
I oktober 2022 hadde Industri- og Næringspartiet medlemmar, og i august 2023 hadde medlemstalet passert 11 600. Partileiar er Owe Ingemann Waltherzøe.
Industri- og Næringspartiet samla dei naudsynte underskriftene frå røysteføre nordmenn og blei registrert som nasjonalt politisk parti av Brønnøysundregistra 6. mai 2020.
Program og ideologi Industri- og Næringspartiet plasserer seg sjølv i det politiske sentrum. Partiet har ingen uttalt ideologi, men har kalla seg eit sentrumsorientert moderat parti med verdiar frå både høgre- og venstresida i det politiske landskapet. Partiet legg «sunn fornuft», demokrati, rettferd og utvikling av norsk næring til grunn for sin politikk. Partiet er motstandar av norsk EU-medlemskap, EØS-avtalen, vindkraft og elektrifisering av sokkelen. Partiprogrammet blei utarbeida med utgangspunkt i forslag frå medlemmar av Facebook-gruppa til INP. Partiet heitte, i utviklingsfasen, kun "Industripartiet (IP)", men endra tidleg namn til dagens "Industri- og næringspartiet (INP)".
Då det nye partiet skulle presentere seg for den norske ålmenta, lanserte det slagorda «Stabilitet og forutsigbarhet» og «Utvikling, ikke avvikling». INP kunngjorde at det blant anna ville arbeide for å hindre ei avgrensing av olje- og gassnæringa og for betre rammevilkår for næringslivet generelt.
Fusjon med Helsepartiet 31. januar 2023 vedtok Helsepartiet å fusjonere med Industri- og Næringspartiet. Helsepartiet slutta dimed som sjølvstendig parti.
Valgresultat Industri- og Næringspartiet stilte lister i alle fylke fyrste gongen ved stortingsvalet 2021.
I kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 stilte partiet lister i 138 kommunar. Partiet fekk ei nasjonal oppslutning på 3,0 %, og totalt 239 kommunestyrerepresentantar fordelt på 115 kommunar. Partiet fekk si høgaste oppslutning i Vega kommune med 28,5 % og blei der det nest største partiet, bak Arbeidarpartiet. Partiet blei største parti i Vanylven kommune, med 19,1 % av røystene.
I fylkestingsvalet fekk Industri- og Næringspartiet 4,3 % av røystene. Partiet hadde størst oppslutning i Telemark og Vestland, med høvesvis 6,7 % og 6,1 % av røystene. ValRøysterMandatTalAndelStortingsvalet 202110 0310,3 %0 / 169Kommunestyrevalet 202379 8823,0 %239 / 9 344
Meiningsmålingar Industri- og Næringspartiet blei målt til 3,5 % oppslutning på landsbasis i partibarometeret til VG 14. mars 2023, og ville fått to representantar på Stortinget.
INP blei i august 2023 målt over sperregrensa tre gongar. Partiet fekk 4,6 % oppslutning på InFacts augustmåling, like før Norstat publiserte sitt partibarometer, der INP fikk 4,8 %. Målinga til Sentio er partiets hittil høgaste, på 5,1 %.
Partileiing Owe Ingemann Waltherzøe er per januar 2023 partileiar, Joar Nesse er 1. nestleiar og Finn Arne Follestad er 2. nestleiar. +PartileiararPeriodeNamn2020–Owe Ingemann Waltherzøe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Industri- og Næringspartiet» frå , den 6. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske politiske parti Kategori:Politiske parti skipa i 2020 Kategori:2020 i Noreg