Lars Emil Marcelius Andreasson Aase () var ein norsk småbrukar, fabrikkarbeidar og politikar, fødd i Rennesøy.
Karriere Emil Aase arbeidde i fleire år på faren sitt mylne- og gardsbruk på Åse i Høyland. Frå 1908 til 1919 dreiv han eige småbruk, attåt han heldt fram å arbeide på faren si mylne. Sidan gjekk han over på fabrikkarbeid.
Aase var medlem av formannskapet i Høyland kommune frå 1917 og i 20 år framover. Han var også medlem i forliksrådet og elles ein aktiv kar i samvirkelag og anna. Hausten 1927 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Rogaland. Perioden 1928–1930 var han den fyrste stortingsmannen frå Arbeidarpartiet i Rogaland. På Stortinget var han medlem i Jarnbanekomitéen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Sandnes