Caxias do Sul (portugisisk uttale [kaˈʃi. ɐz du ˈsuw]) er ein by i Rio Grande do Sul sør i Brasil, som ligg i det fjellrike området Serra Gaúcha. Han blei grunnlagd av italienske innvandrar den 20. juni 1890. I dag er han den nest største byen i delstaten Rio Grande do Sul. I 2020 estimerte ein folkesetnaden i byen til 517.451 menneske, mange av dei av italiensk og tysk avstamming. Nemninga for innbyggjarane i Caxias do Sul er caxiense.
Historie venstre|mini|Italienske innvandrarar i Caxias do Sul i 1918. venstre|mini|Caxias do Sul i 1971. Før Caxias do Sul blei folkesett av italienske innvandrarar var det husdyrdrift og urfolk som budde i regionen. Den italienske innvandringa, hovudsakleg av bønder på leit etter eit betre liv frå Veneto, Lombardia, Trento (Nord-Italia) og andre regionar av Italia, byrja i 1875 i Nova Milano. Medan dei fekk statleg støtte som verktøy, forsyningar og frø, måtte dei også betala alt tilbake til regjeringa seinare.Nome . Giron, Loraine Slomp.
venstre|mini|Sentrum av Caxias do Sul.
1. juni 1910 fekk Caxias do Sul status som by. Same dagen kom det fyrste toget som band saman regionen med delstatshovudstaden. Sjølv om innvandrarane var bønder, arbeidde mange av dei i andre økonomiske sektorar. Dei slo seg ned, urbaniserte området og byrja ei rask industrialisering.Sales, Fabiana de Lima.
Folkesetnad
Språk Portugisisk er det offisielle språket, og dermed hovudspråket som det blir undervist i ved skular. Eldre innbyggjarar kan ofte taliensk, eit regionalt språk basert på venetiansk, men som òg er påverka av andre italienske dialektar og portugisisk.
Klima
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Caxias do Sul» frå , den 26. august 2023.
Bakgrunnsstoff
City Hall of Caxias do Sul Street Map of Caxias do Sul Local Newspaper "O Pioneiro" (The Pioneer) The University of Caxias do Sul Juventude Soccer Club S.E.R. Caxias Soccer Club Caxias Bus Station and Schedules Caxias do Sul Tourist Guide Official Festa da Uva Site (The Grape Festival) Chateau Lacave Castle
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1890 Kategori:Kommunar i Rio Grande do Sul