Magnor Jørgensson Midtun () er ein norsk bankmann, lokalhistorikar og Venstre-politikar.

I åra 1968—1990 var han banksjef i Gulen Sparebank. Han var også medlem av kommunestyre og formannskap i åtte år og blei tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2002.

Som historikar har han arbeidd med lokalhistorie frå Gulen, spesielt nærings- og organisasjonsliv og segner frå vikingtid og mellomalder. Han skreiv også Gulen Sparebank si 100-årshistorie.

Midtun har i ei rekkje år vore med som lagmann i Håkonarspelet.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Eivindvik før og no, tekstar av Magnor Midtun Om Magnor Midtun i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske lokalhistorikarar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Forfattarar frå Gulen Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Lokalpolitikarar i Gulen Kategori:Venstrepolitikarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Gulen