Terje Sørvik () er ein norsk verftsarbeidar og politikar frå Ottersøya, busett i Rørvik. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag for Arbeidarpartiet.

Sørvik arbeidde i 24 år med skipsbygging, mellom anna som sveisar. I 13 år var han personsjef ved Moen Slip på Kolvereid. Frå 2009 til 2011 var han sysselsett med å etablere ei avdeling på Kolvereid for bedrifta Ytre Namdal Vekst.

Sørvik var medlem i Vikna kommunestyre periodane 2007–2011 og 2015–2019. Han hadde plass i Nord-Trøndelag fylkesting frå 2007 til fylka Nord- og Sør-Trøndelag i 2018 vart slått saman. I åra 2011 var han fylkesråd for regional utvikling, frå 2013 var han også nestleiar i fylkesrådet. Etter fylkessamanslåinga var han medlem av Trøndelag fylkesting og leiar i hovedutvalet for næring. Ved stortingsvalet 2021 var han Arbeidarpartiet sin andrekandidat i Nord-Trøndelag, kom inn i Stortinget med god margin. På Tinget er han medlem i Kommunal og forvaltningskomiteen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Nærøysund Kategori:Folk frå Vikna Kategori:Norske arbeidarar