Banff nasjonalpark er den eldste nasjonalparken i Canada. Han blei skipa i 1885 i den canadiske delen av Rocky Mountains. Parken, som ligg 110-180 km frå Calgary i provinsen Alberta, dekker eit areal på 6641 km² fjellterreng med talrike isbrear, tette barskogar og fjellandskap. Icefields Parkway strekker seg frå Lake Louise i sør, med samband til Jasper nasjonalpark i nord. Offentleg eigde skogar og Yoho nasjonalpark er naboar i vest, medan Kootenay nasjonalpark ligg i sør og Kananaskis Country i søraust. Mesteparten av den kommersielle verksemda i parken er i byen Banff, i Bow River-dalen.

Canadian Pacific Railway var svært viktig i dei første åra for Banff. Verksemda bygde både Banff Springs Hotel og Chateau Lake Louise, og trekte turistar til staden gjennom utstrekt annonsering. På byrjinga av 1900-talet blei det bygd vegar i Banff, nokre av dei bygde av krigsinternerte, og nokre ved hjelp av offentlege arbeidsprogram som blei starta under den store depresjonen. Sidan 1960-åra har overnattingsstadene i parken vore opne heile året, og talet på gjestedøgn i Banff auka til over 5 millionar i 1990-åra. Endå fleire menneske passerer gjennom parken på Trans-Canada Highway. Sidan Banff er ein av dei mest besøkte nasjonalparkane i verda, er økosystemet i parken truga. På midten av 1990-talet sette Parks Canada i gang ei undersøking som leidde fram til oppmodingar for forvaltninga av parken og nye prinsipp som har som mål å bevara det økologiske mangfaldet.

Historie Gjennom heile historia si har Banff nasjonalpark blitt forma i spenningsfeltet mellom bevarings- og utviklingsinteresser. Parken blei skipa i 1885 på grunn av ein strid om kven som hadde oppdaga dei varme kjeldene der, og kven som hadde rett til å utnytta dei kommersielt. Statsminister John A. Macdonald sørgde i staden for å freda dei varme kjeldene i eit lite verneområde, som seinare blei utvida slik at det òg omfatta Lake Louise og andre areal som strekte seg nordover til Columbia Icefield.

Tidleg historie Arkeologiske funn gjort ved Vermilion Lakes har datert den fyrste menneskelege aktiviteten i Banff til 10300 f.Kr. ved hjelp av radiokarbondatering. Før europearane kom levde canadiske urfolk, inkludert stoney, kootenay, tsuu t'ina, kainai, peigan og siksika i regionen, der dei jakta bison og anna vilt.

Då Britisk Columbia blei ein del av Canada 20. juli 1871, tok Canada på seg å bygga ein transkontinental jernbane. Bygginga av jernbanelinja byrja i 1875, då ein valde Kicking Horse Pass, framfor det nordlegare Yellowhead Pass, til traseen gjennom dei canadiske Rockies. Ti år seinare blei den siste skjenespikaren slått ned i Craigellachie (British Columbia). mini|Dr. James Hector, geologen som gav namn til Kicking Horse Pass.

Skipinga av Rocky Mountains Park Med bakgrunn i striden om oppdaginga av dei varme kjeldene i Banff, vedtok statsminister John A. Macdonald å verna eit område på 26 km² rundt dei varme kjeldene ved Cave and Basin som ein offentleg park kjend under namnet Banff Hot Springs Reserve i 1885. Då Rocky Mountains Park Act blei vedtatt 23. juni 1887, blei parken utvida til 674 km² og fekk namnet Rocky Mountains Park. Dette var den fyrste nasjonalparken i Canada, og den andre som vart etablert i Nord-Amerika, etter Yellowstone nasjonalpark i USA. Jernbaneselskapet Canadian Pacific Railway bygde Banff Springs Hotel og Chateau Lake Louise for å trekka turistar til området og for å auka talet av passasjerar på jernbanen.

Stoney- eller assiniboine-folk blei tvangsflytta frå Banff nasjonalpark i perioden 1890-1920. Parken var tenkt å skulla appellera til friluftsfolk og turistar. Offentlege tenestemenn meinte at nedgangen i dyrelivet i parken kom av at urfolka jakta på dei for matauk. Politikken med å fjerna urfolka frå området tilfredsstilte både måla om sportsjakt, turisme og bevaring av dyrelivet, i tillegg til ønska nokon hadde om å «sivilisera indianarane».Theodore Binnema og Melanie Niemi, "'Let the line be drawn now': Wilderness, Conservation, and the Exclusion of Aboriginal People from Banff National Park in Canada," Environmental History (2006) 11#4 pp 724-50 venstre|mini|Banff Springs Hotel, 1902 I tidlege tider var Banff populær blant velståande europeiske turistar, som kom til Canada via havgåande passasjerskip over Atlanterhavet og fortsette vestover på jernbanen, men også blant amerikanske og engelske turistar frå overklassen. Nokre av dei besøkande deltok i alpine aktivitetar, der dei ofte leigde med seg lokale kjentmenn. Tom Wilson, saman med Jim og Bill Brewster, var blant dei fyrste som tilbaud slike tenester i Banff. Alpine Club of Canada, som vart grunnlagd i 1906 av Arthur Oliver Wheeler og Elizabeth Parker, organiserte klatre- og overnattingsturar i villmarka.

Frå 1911 kunne ein nå Banff med bil frå Calgary. I 1916 byrja Brewster-familien å tilby turar med turbussar i Banff. Lake Louise vart tilgjengeleg via veg frå 1920, og Banff-Windermere-vegen opna i 1923, slik at det blei vegsamband frå Banff til Britisk Columbia.

mini|Brosjyre frå Canadian Pacific Railway som viser Mount Assiniboine og landskapet i Banff (ca. 1917) I 1902 blei parken utvida til 11 400 km², inkludert område rundt Lake Louise, og langs elvane Bow, Red Deer, Kananaskis og Spray. På grunn av press frå beitebrukarar og skogbruksinteresser blei storleiken på parken redusert i 1911 til 4 663 km², slik at mange av dei lågareliggjande høgdedraga blei utelatne frå parken. Grensene til parken blei endra fleire gonger fram til 1930, då storleiken på Banff blei fastlagd til 6 697 km² med vedtaket av National Parks Act. Lova gav òg parken det nye namnet Banff National Park, etter Canadian Pacific Railway sin stasjon, som igjen hadde namn etter regionen Banffshire i Skottland. I samband med bygginga av ein ny austleg innfallsport til parken i 1933, overførte Alberta 0,84 km² til parken. Saman med andre mindre endringar av grensene for parken i 1949, blei arealet til parken endeleg fastsett til 6 641 km².

Kolgruvedrift I 1887 underskreiv leiarar for dei lokale urfolksgruppene ein avtale, kalla Treaty 7, som gav Canada rett til å kartleggja naturressursane i området. Tidleg på 1900-talet blei det vunne ut kol i ei gruve i nærleiken av Lake Minnewanka i Banff. I ein kort periode var ei gruve i drift ved Anthracite, men denne blei nedlagd i 1904. Bankhead-gruva ved Cascade Mountain blei driven av Canadian Pacific Railway frå 1903 til 1922. I 1926 blei byen fjerna, og mange av bygningane blei flytta til Banff og andre stader.

Interneringsleirar Under fyrste verdskrigen blei immigrantar frå Austerrike, Ungarn, Tyskland og Ukraina sende til Banff for å arbeida i interneringsleirar. Hovudleiren låg ved Castle Mountain, og blei flytta til Cave and Basin gjennom vintermånadene. Mykje av den fyrste infrastrukturen og vegbygginga blei gjort av menn av forskjellig slavisk opphav, sjølv om ukrainarar var i fleirtal av dei som var internerte i Banff. Historiske minnetavler og eit monument er oppført av Ukrainian Canadian Civil Liberties Association for å minnast dei som var internerte ved Castle Mountain og Cave and Basin National Historic Site, der det òg er ei permanent interaktiv utstilling som tar for seg det fyrste nasjonale interneringsprogrammet til Canada. venstre|mini|Castle Mountain-interneringsleir (1915) I 1931 vedtok styresmaktene i Canada ei lov kalla Unemployment and Farm Relief Act som gjorde det mogleg å organisera nødsarbeid i nasjonalparkane under den store depresjonen. Arbeidarane i Banff bygde eit nytt badehus og eit nytt basseng ved Upper Hot Springs, som eit tillegg til Cave and Basin. Andre prosjekt omfatta vegbygging i parken, forskjellige oppgåver rundt sjølve byen Banff, og bygginga av ein hovudveg som band saman Banff og Jasper. I 1934 blei lova Public Works Construction Act vedtatt. Ho gav rom for ytterlegare løyvingar for offentleg finansiert nødsarbeid. Nye prosjekt inkluderte bygging av nye lokale for registrering ved den austlege inngangen til Banff, og oppføring av ein ny administrasjonsbygning i Banff. I 1940 var Icefields Parkway ferdigstilt fram til området Columbia Icefield i Banff, og band saman Banff med Jasper.

Interneringsleirar blei nok ein gong oppretta i Banff under andre verdskrigen, med leirer ved Lake Louise, Stoney Creek og Healy Creek. Fangeleirane bestod hovudsakleg av mennonittar frå Saskatchewan. Det var ikkje interneringsleirar for japansk-canadiarar i Banff under andre verdskrigen, dei blei derimot haldne i Jasper nasjonalpark, der dei internerte arbeidde på Yellowhead Highway og andre prosjekt.

Vinterturisme Vinterturismen i Banff starta i februar 1917, med det første Banff Winter Carnival. Det blei marknadsført mot innbyggarane til regionen i middelklassen, og blei eit hovudarrangement for lokale krefter som prøvde å tiltrekka seg besøkande, noko som var lågt prioritert hos Canadian Pacific Railway (CPR) på vinterstid.Lauren Wheeler, "'We Want Pictures so Kodak as You Go': Promoting Winter Recreation in Banff in the 1920s," Past Imperfect (2009) , Vol. 15, pp 6-35. Arrangementet kunne m.a. by på eit stort isslott, som i 1917 var bygd av internerte. Aktivitetane ein tilbaud var m.a. langrenn, skihopping, curling, trugeturar og snørekøyring. I 1930-åra blei det fyrste alpinanlegget i Sunshine Village utvikla av Brewster-familien. Mount Norquay-området blei òg bygd ut i 1930-åra, og den fyrste stolheisen blei installert der i 1948. mini|Vinter i Banff nasjonalpark Sidan 1968, då Banff Springs Hotel blei klargjort for vinterbruk, har Banff vore ein heilårsdestinasjon. Trans-Canada Highway blei bygd i 1960-åra, slik at det kom endå ei transportrute gjennom Bow Valley i tillegg til Bow Valley Parkway. Dette gjorde tilgangen til parken lettare. Calgary internasjonale lufthamn blei òg bygd i 1960-åra.

Canada søkte fleire gangar om å få arrangera dei olympiske vinterleikane i Banff. Fyrste gong var i samband med Vinter-OL 1964, som til slutt vart tildelt Innsbruck i Austerrike. Canada tapte knapt den andre gongen då dei søkte om Vinter-OL 1968, som gjekk til Grenoble i Frankrike. Banff lanserte så ein kampanje for å få Vinter-OL 1972, der planen var å arrangera dei olympiske leikane i Lake Louise. Søknaden i 1972 var den mest kontroversielle, då miljøverngrupper mobiliserte sterk motstand mot søknaden, som var støtta av Imperial Oil. Jean Chrétien, den dåverande miljøvernministeren som leidde departementet som var ansvarleg for Parks Canada, bøygde av for pressa og trekte støtta til søknaden, som til slutt enda med at Sapporo i Japan fekk arrangera leikane. Då Calgary var vertskap for Vinter-OL 1988 blei langrennsøvingane haldne i Canmore Nordic Centre Provincial Park i Canmore, like utanfor den austlege inngangen til Banff nasjonalpark langs Trans-Canada Highway.

Bevaring Etter at den opphavlege lova Rocky Mountains Park Act blei vedtatt, har seinare lover og retningslinjer lagt større vekt på bevaring. Etter kvart som befolkninga blei meir opptatt av naturvern, utarbeidde Parks Canada heilt nye retningslinjer for forvaltninga i 1979, som la vekt på bevaring i større grad. National Parks Act fekk eit tillegg i 1988 som gjorde at bevaring av det økologiske mangfaldet fekk høgaste prioritet i alle avgjerder av forvaltningsmessig art i alle nasjonalparkar. Lova påla kvar park å utarbeida ein forvaltningsplan der publikum i større grad skulle takast med på råd.

I 1984 blei Banff, saman med andre nasjonale og regionale verneområde i den canadiske delen av Rocky Mountains, utpeika som ein verdsarvstad av UNESCO, på grunn av fjellområda med fjelltoppar, isbrear, innsjøar, fossar, ravinar og kalkgrotter, og dessutan fossil som finst i området. Med denne utnemninga følgde det større bevaringsmessige forpliktingar.

venstre|mini|Utsikt frå toppen av Sulphur Mountain med Banff og områda omkring