Lodnemyrklegg (Pedicularis hirsuta) er ein fleirårig urt i snylterotfamilien. Planten er nokså låg, og blir opptil 20 cm høg. Han er lett kjenneleg på kombinasjonen av nordleg utbreiing, karakteristiske blomster og sagtakka, spisse bladkantar.
Stilken har kvite hår og blada er smale. Lodnemyrklegg blomstrar tidleg, ofte i juni, og dei rosa blomane sit i eit aks på toppen av stilken. Veksestadene er fuktige og kalkhaldige, og planten finst på steinrik tundra, havstrender og elvebreidder. Han er ein halvparasitt som syg næring frå røtene til andre plantar, ofte Salix-artar.
venstre|mini|Lodnemyrklegg i Endalen, sidedal til Adventdalen ved Longyearbyen.
Utbreiinga er sirkumpolar i dei isfrie landområda i Arktis, men med eit gap rundt Beringsundet. Arten finst i det nordaustre Canada, på Grønland, Svalbard, Novaja Semlja, og i nordlege delar av Fennoskandia, europeisk Russland og Sibir. Arten er sjeldan i Alaska.
I Dei skandinaviske fjella opptrer lodnemyrklegg som ein nordleg unisentrisk art, og ein finn planten i fjellet frå polarsirkelen til Vest-Finnmark, inkludert delar av det nordlegaste Sverige og Finland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lodnemyrklegg» frå , den 4. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Snylterotfamilien Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Plantar i Canada Kategori:Plantar i Russland Kategori:Plantar på Grønland Kategori:Plantar i USA