«What It Takes» er ein powerballade av det amerikanske bandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Desmond Child. Han kom ut i 1989 som den tredje singelen frå det kritikarroste og suksessrike albumet deira Pump. «Eg skal leggja nokre balladar på eit album,» noterte Tyler, «viss det er det som skal til for at ein ung gut skal få høyra ein 'Young Lust' eller 'F.I.N.E.*'.»
Bakgrunn Child hadde vore med på å skriva powerballaden «Angel» til på det førre albumet til Aerosmith, men bandet ville sørgja for at deira eigen identitet vart reflektert i «What It Takes». Ifølgje Perry «det byrja å høyrast veldig county-western ut. Me ønskte ikkje å skriva ein song som 'Angel', og for Desmond er det der hans hjarte og sjel er. Han likar store, dramatiske balladar. Men me ønskte å gjera noko annleis.» Aerosmith-gitaristen Brad Whitford uttalte at «Det var ein keyboard-låt til å byrja med. Ein eller annan stad på vegen visste me at han var spesiell, så han måtte angripast på ein annan måte.» Perry heldt fram med å seia at «Det som gjorde det for meg var då [Fairbairn] sette eit trekkspel på han. Det gav han den smaken han trong. Elles ville det berre vore fine akkordar og fine endringar.»
Tekst Teksten til «What It Takes» handlar om å komma over eit tidlegare forhold og dei vonde kjenslene det førte med seg.
Musikkvideo Det finst to videoar til songen. Den eine, regissert av Wayne Isham, viser bandet opptre i Longhorn Ballroom. Den andre, regissert av Keith Garde og Martin Torgoff, er henta frå scener frå The Making of Pump, ein film som dokumenterte innspelingsprosessen av albumet Pump. Sistnemnde fekk mykje større radiospeling, og var også den versjonen banda valde å inkludera på videosamlinga Big Ones You Can Look At.
Salslister Liste (1990)PlasseringBillboard Hot 1009Mainstream Rock Songs1
Årslister Liste (1990)PlasseringUS Top Pop Singles (Billboard)91
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «What It Takes av Aerosmith» frå , den 15. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar skrivne av Desmond Child Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Balladar frå 1980-åra