Haakon Valde Natvig () var ein norsk lækjar frå Hetland i Rogaland. Han spesialiserte seg i hygiene og førebyggjande medisin, og var i 1952-75 professor i hygiene ved Universitetet i Oslo.

Natvig var direktørson. Sjølv utdanna han seg i medisin ved Universitet i Oslo. Han dreiv så privatpraksis i Fetsund frå 1932 til -35, deretter var han vitskapleg assistent ved Bakteriologisk institutt på Rikshospitalet 1936-40. I tida frå 1940 til 1952 arbeidde han som helseinspektør for Oslo helseråd. Natvig var til sist leiar av Hygienisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1952 til han vart pensjonert i 1976.

Natvig gav ut ei lærebok i hygiene og skreiv fleire bøker om førebyggjande medisin.

Kjelder Haakon Nartvig i Norsk biografisk leksikon

Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Folk frå Stavanger