mini|Kategoriar for språkstatus frå UNESCO Atlas of the World's Languages in Danger

Utryddingstruga språk er dei språka som risikerer å døy ut. Desse blir delt inn i fem kategoriar: Truga, klårt utryddingstruga, alvorleg utryddingstruga, kritisk utryddingstruga og utdøydde språk.

Mange utryddingstruga språk har færre enn 1 000 talarar. Ofte er det slik at det er fleire talarar i dei eldre enn i dei yngre aldersklassane. Òg språk med mange talarar kan vere utryddingstruga. I 2017 oppgav Instituttet for språk og folkeminne (ISOF) at det finst 6–7 000 språk i verda. Ifølge Unesco var bortimot halvparten av språket i verda truga (2014) og språkeksperten deira Christopher Moseley oppgav 2013 at det forsvann eitt språk i månaden.

Grunnen til at eit språk blir utrydda på sikt er at det ikkje blir lært ut som morsmål. Vaksne talarar blir tospråkleg og vel deretter å ikkje lære bort morsmålet sitt til ungane sine.

Sjå òg

Minoritetsspråk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Utrotningshotade språk» frå , den 23. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Interaktiv kart over truga språk ved UNESCO Zuckermann, Ghil'ad 2020. Revivalistics: From the Genesis of Israeli to Language Reclamation inn Australia and Beyond. Oxford University Press. ISBN 9780199812790/ ISBN 9780199812790

Kategori:Språk