«The Rocker» er ein song av den irske rockegruppa Thin Lizzy, gjeven ut i 1973 på albumet deira Vagabonds of the Western World. Han vart òg gitt ut som singel i eit redigert format på 2:41, det opphavlege albumsporet strekkjer seg til 5:17. Det meste av den ekstra lengda blir teken opp av ein utvida gitarsolo av Eric Bell. Ein opptreden på det nederlandske TV-programmet Toppop vart gjort i lag med Gary Moore spelt inn i 1974 under hans første av to periodar med bandet.
B-sida av singelen i dei fleste territorium var albumsporet «Here I Go Again», men i Tyskland vart ikkje-albumsporet «A Ride in the Lizzy Mobile» brukt. Dette sporet dukka seinare opp på CD-boksen Vagabonds, Kings, Warriors, Angels som «Cruising in the Lizzy Mobile».
Singelen nådde ikkje hitlistene i Storbritannia, men nådde 11. plassen i Irland og var fire veker på hitlista. Han vart likevel ein konsertfavoritt og var ein av dei få songane frå Eric Bell si tid i bandet som overlevde hans avgang og vart ein del av konsertrepertoaret til Brian Robertson/Scott Gorham (som framførte songen i ein lågare toneart enn originalen). Det var det siste sporet på konsertalbumet deira Live and Dangerous frå 1978.
Songen vart ommiksa for PlayStation 3-videospelet Gran Turismo 5: Prologue.
Raven har spelt inn songen på albumet Glow frå 1994.
Songen er med på soundtracket til filmen Rush.
Det britiske heavy metalbandet Saxon spelte inn songen i 2021 på coveralbumet sitt Inspirations.
Medverkande Phil Lynott – bassgitar, solovokal Eric Bell – sologitar Brian Downey – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Rocker (song)» frå , den 22. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Thin Lizzy-songar Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Phil Lynott Kategori:Saxon-songar