Trochilini er ein av dei tre biologiske tribusane (stammar) som utgjer underfamilien Trochilinae i kolibrifamilien Trochilidae. Dei to andre stammane i underfamilien er Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»). Det uformelle namnet «smaragdar» er foreslått for denne gruppa. Fleire slekter inneheld artar med «smaragd» i det norske artsnamnet, inkludert Chlorostilbon med ti artar. Per 2023 samlar denne stammen totalt 114 artar fordelte på 36 slekter. Leveområdet for desse kolibriane er frå sørvestlege USA i nord, sørover til og med Uruguay i sør.
Utbreiing Av dei 114 artane i Trochilini, har 50 nærvære i mellomamerikanske land, inkludert Mexico. To av desse er øyartar, breinebbkolibri og fioletthettekolibri er trekkfuglar og har hekkeutbreiing inn i sørlegaste Arizona og New Mexico, USA, og 13 av dei 50 har utbreiing inn i nordvestlege Sør-Amerika. Sju artar høyrer til i Karibia. 57 artar har nærvære avgrensa til Sør-Amerika, av dei har kvitstrupekolibri (Leucochloris albicollis) leveområde så langt sør som søraustlege Brasil, austlege Paraguay, Uruguay og nordaustlege Argentina.
Fylogeni
Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar. Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte tre av dei ni kladane i underfamilien Trochilinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Trochilini («smaragdar»), Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»). Stammen Trochilini med den noverande avgrensinga vart introdusert i 2009.
Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar. Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.
Kladogram for kolibrifamilien:
2014-studien av McGuire førte til ein større revisjon av klassifiseringa av Trochilini. Mange av dei tradisjonelle slektene vart funne å vere polyfyletiske, og som eit resultat vart klassifiseringa vesentleg revidert. Berre éi ny slekt vart introdusert (Elliotomyia), men elleve tidlegare ekskluderte slekter vart tatt inn igjen (Phaeoptila, Riccordia, Pampa, Thaumasius, Talaphorus, Leucolia, Saucerottia, Amazilis, Uranomitra, Chionomesa og Polyerata). Samtidig vart seks av dei tidlegare slektene «synonymiserte» (Aphantochroa, Cyanophaia, Elvira, Goethalsia, Juliamyia og Lepidopyga).
Artsliste Stamme Trochilini, «smaragdar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori, er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.
Kjelder
Artikkelen bygger på «Trochilini» frå , den 16. april 2023
Referansar
Kategori:Kolibrifamilien