James Taylor at Christmas er det syttande studioalbumet og det andre julemusikkalbumet til den USA-amerikanske songar-låtskrivaren James Taylor, gjeve ut av Columbia Records i 2006. Det var hans siste utgiving for Columbia sidan han signerte med dei i 1977.
Albumet er i hovudsak ei nyutgiving (med ny tittel og litt endra sporliste) av James Taylor: A Christmas Album, eit album som kom i avgrensa opplag distribuert av Hallmark Cards i 2004. «Have Yourself a Merry Little Christmas», opphavleg gitt ut på Taylor-albumet October Road i 2002, og «River» var ikkje med på den opphavlege Hallmark-utgivinga. I tillegg inneheldt det originale albumet ein versjon av «Deck the Halls» som ikkje er på standardutgåva av Columbia-CD-en. (Barnes & Noble-kjeda gav likevel ut ein versjon av den nye tittelen med «Deck the Halls» inkludert som bonusspor).
Albumet vart gitt ut på nytt på UMe i 2012, med to spor i tillegg. Eit av dei, «Mon Beau Sapin» (ei fransk omsetjing av «O Christmas Tree»), er ei ny innspeling og er berre tilgjengeleg på dette albumet. Det andre sporet som er nytt i samlinga er ein versjon av George Harrison sin «Here Comes the Sun» av Taylor og cellisten Yo-Yo Ma, som opphavleg dukka opp på Ma sitt julealbum, Songs of Joy & Peace frå 2008.
Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popalbum.
Innhald
Medverkande
James Taylor – solo- og korvokal, gitar (2, 4–7, 10, 14) John Pizzarelli – gitar (1, 3, 5, 8, 11, 14) George Doering – gitar (2, 4, 12, 13) Michael Landau – gitar (2, 4, 13, 14) Dave Grusin – akustisk piano (1–7, 9, 12, 13, 14), arrangement (1–5, 9–14), celesta (11, 12) Larry Goldings – melodica (2, 13), orgel (4), akustisk piano (6, 8, 10, 11), trekkspel (10), klokkespel (10), munnspel (13, 14), harmonium (14) Clifford Carter – synthesizer (8) Dave Carpenter – bass (1, 3, 5, 6, 12, 12, 14) Jimmy Johnson – bass (2, 4, 8, 10, 13) Vinnie Colaiuta – trommer (1–5, 11, 13, 14) Steve Gadd – trommer (8, 10) Luis Conte – perkusjon (2, 4, 5, 12) Chris Botti – trompet (1) Yo-Yo Ma – cello (7) Toots Thielemans – munnspel (11) David Lasley – korvokal (1, 2, 9, 12) Kate Markowitz – korvokal (1, 2, 9, 12) Arnold McCuller – korvokal (1, 2, 9, 12) Natalie Cole – solovokal (5)
Produksjon
Dave Grusin – produsent (1–5, 9–14) Charlie Paakkari – produsent (6), assisterande lydteknikar James Taylor – produsent (6) Dave O'Donnell – produsent, innspeling og miksing (7, 10) Russ Titelman – produsent (8) Don Murray – innspeling og miksing miksing (1–6, 9, 11–14) Doug Sax – mastering i The Mastering Lab, Hollywood, California Sangwook Nam – mastering i The Mastering Lab, Hollywood, California Christopher Austopchuk – kunstnarisk leiar, design David Bett – kunstnarisk leiar, design Timothy White – fotografi
Salslister
Vekeslister Liste (2006) Plassering
Årslister Liste (2007) Plassering US Billboard 200 109
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «James Taylor at Christmas» frå , den 8. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:James Taylor-album Kategori:Julemusikkalbum frå 2006 Kategori:USA-amerikanske julemusikkalbum Kategori:Album produserte av Dave Grusin Kategori:Album produserte av Russ Titelman