«One Morning in May» (Roud 140, Laws P14) er ei engelsk folkevise som har vorte samla inn frå tradisjonelle songarar i England og USA og har òg vorte spelt inn av revy-songarar. Gjennom bruk av tvitydig tekst, i alle fall i dei engelske versjonane, fortel ho om eit møte mellom ein grenader (eller soldat) og ei dame.Rould Folk Song Index at the Vaughan Williams Memorial Library: https://www.vwml.org/search/search-roud-indexes Henta 7. april 2023

Tekstane har vorte spora til slutten av det 17. eller byrjinga av det 18. hundreåret. Det finst ei rekkje tekstvariantar, og songen har mange titlar. Dei vanlegaste i Roud-indeksen er «The Nightingale», «The Bold Grenadier» og «One Morning in May», i den rekkjefølgja.Roud, S, and Bishop, J; The New Penguin Book of English Folk Songs; London, 2012 s442

Historie

Publiserte versjonar «The Souldier (sic) and His Knapsack», registrert hos Stationers Company i 1639 kan vera denne songen, men som Steve Roud og Julia Childs påpeikar «soldatar og ryggsekker er ein ganske vanleg kombinasjon». Den tidlegaste kjende teksten er ein skillingstrykk-ballade med tittelen «The nightingale's song: or The soldier's rare musick, and maid's recreation» gjeven ut mellom 1689 og 1709 av W. Onley frå London, i Bodleian Ballad Collection.Bodleian Ballad Collection. Henta 7. april 2023 Denne teksten har ein from moral på slutten som både seinare utgivarar og tradisjonelle songarar har utelate.Bodleian Ballad Collection http://ballads.bodleian.ox.ac.uk/static/images/sheets/20000/15342.gif Henta 7. april 2023Bodleian Ballad Collection http://ballads.bodleian.ox.ac.uk/static/images/sheets/05000/01347.gif Henta 7. april 2023

New Penguin Book of English Folk Songs har ein versjon med tittelen «Water Rattle» sunge av Arthur Howard i 1981 og spelt inn av Ian Russell..

Teksten dukka opp i 1927 i The American Songbag av Carl Sandburg, etter å ha kome gjennom Gilbert Raynolds Combs. Desse tekstane er brukte av Bill Keith og Jim Rooney, av James Taylor i 1972 på albumet hans One Man Dog, og av The Country Gentlemen på deira album med same namn frå 1973.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «One Morning in May (folk song)» frå , den 7. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar om mai Kategori:Engelske folkesongar Kategori:The Dubliners-songar Kategori:Jean Ritchie-songar Kategori:James Taylor-songar Kategori:Van Morrison-songar