Jahn Teigen () var ein norsk artist fødd i Tønsberg. Han var songar i fleire ulike grupper, og hadde fleire slagerar. Teigen deltok òg i Melodi Grand Prix fleire gonger.

Teigen var tidlegare gift med Anita Skorgan. Saman har dei dottera Sara Teigen Skorgan. Teigen heiter eigentleg Jan til fornamn, men brukar Jahn som kunstnarnamn. Teigen er kjend for låtar som «Mil etter mil», «Optimist», «Det vakreste som fins» og «Min første kjærlighet». Teigen har spela i band i Israel (Lions of Judea), England og Danmark. Han var i fleire år vokalist i den progressive rockegruppa Popol Vuh (frå 1975 Popol Ace). Han har mottatt heidersprisen under Spellemannprisen to gonger, i 1983 og 2009, og i tillegg vunne fleire andre priser. Teigen vart i 2010 utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden,http://www.aftenbladet.no/innenriks/Jahn-Teigen-utnevnt-til-ridder-1928118.html og i 2012 innlemma i Rockheim Hall of Fame. 26. juli 2012 vart skulpturen av Jahn Teigen avduka på Lindalhplan i Tønsberg , ei gåve frå fansen ved Frank Rune Gustavsen og Marianne Larsen.

Prisar og utmerkingar mini|left|Jahn Teigen Spellemannprisen 1978 i klassen mannleg artist for plata This Year's Looser. Gammleng-prisen 1984 i klassen pop. Under Spellemannprisen 1983 vann han juryens heiderspris Gammleng-prisen sin veteranpris i 2009. Under Spellemannprisen 2009 vann han igjen juryen sin heiderspris.

Programleiar

Frå 1988 til 1990 var Teigen ein av programleiane for barneprogrammet Midt i smørøyet på NRK.

Teigen var også programleiar i TV 2-programmet Stjerner i sikte frå 1996 - 2000 og frå 2001 - 2002. Konseptet i programmet var at folk skulle kle seg ut som ein artist dei valde sjølv og framføra ein sjølvvald song av artisten. Vinnaren av finalen fekk platekontrakt.

I 1997 fekk serien ein oppfølgjar som heitte Småstjerner. Her var det born som skulle framføra songane, men dei brukte playback og slapp å syngja sjølve.

Melodi Grand Prix Jahn Teigen er kjent for at han har vore ein trufast deltakar i Norske Melodi Grand Prix. Til saman har han vore med i konkurransen i 14 finalar. I 1976 deltok han med tre bidrag. Teigen vann i 1978, 1982 og 1983, siste gong saman med Anita Skorgan. I denne samanhengen er Teigen kjend dårlege plasseringar i den internasjonale finalen.

Songane Teigen har delteke med i Grand Prix:

ÅrTittelPlassering MGPPlassering ESC1974Hvor er du? * 1 141975Kjærlighetens under 21976Hastverk 31976Alltid en vind ** 41976Voodoo**/*** 21978Mil etter mil 1 201980Ja 91982Adieu **** 1 121983Do-Re-Mi 1 91988Glasnost 21989OptimistN 41990Smil 21993Jackpot 81994Gi alt vi har 51996Ariel ***** 42005My Heart Is My Home 4

* Anne-Karine Strøm framførte den i den internasjonale finalen, der han enda på delt 14. plass. ** Saman med Gudny Aspaas. *** Saman med Inger Lise Rypdal. **** Saman med Anita Skorgan. ***** Saman med Øystein Wiik. Duoen kalla seg To Tenorer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jahn Teigen» frå , den 8. januar 2012. Denne artikkelen bygger på «Stjerner i sikte» frå , den 8. januar 2012.

Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Allsang på grensen Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest Kategori:Eurovision Song Contest 1982-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-programleiarar Kategori:St. Olavs Orden