mini|Arena Blanca-stranden på Bioko. Bioko er ei øy i Guineabukta og er ein del av Ekvatorial-Guinea. Hovudstaden i Ekvatorial-Guinea, Malabo, ligg nord på øya. Dei fleste innbyggjarane på øya bur her. Den nest største byen på øya, Luba, ligg i sør. Til saman bur rundt menneske på Bioko.
Øya dekkjer eit areal på 2017 km². Ho er ein del av den vulkanske Kamerunlinja. Administrativt er øya delt inn i Bioko Norte og Bioko Sur.
På Bioko ligg òg det kjende Black Beach-fengselet.
Namn Urfolket på øya, bubifolket, kallar henne Ëtulá a Ëri på bube. I nesten 500 år var ho kjend som Fernando Po (portugisisk , spansk ), kalla opp etter den portugisiske navigatøren Fernão do Pó. Mellom 1973 og 1979 hadde øya namnet Macías Nguema Biyogo etter den dåverande persidenten i landet, Francisco Macías Nguema. Det noverande namnet, Bioko, blei innført i 1979 til ære for politikaren Cristino Seriche Bioko.
Folkesetnad Etter folketeljinga frå 2015 bur det menneske på øya. Urfolket er bubifolk, som no utgjer 58 % av innbyggjarane. Andre folkeslag er fangfolk, som utgjer 16 %, fernandinos med 12 %, igbofolk med 7 %, i tillegg til ein del andre afrikanske og europeiske innvandrarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bioko» frå og «Bioko» frå , den 23. januar 2023.
Kategori:Øyar i Afrika Kategori:Ekvatorialguineansk geografi Kategori:Guineabukta