ONS (Offshore Northern Seas) er ei norsk non-profit stifting som er ein av dei største møteplassane i verda for den internasjonale energibransjen. Arrangementet ONS, som vert arrangert av Stiftinga ONS, vert halde i august annakvart år i Stavanger i Noreg. Arrangementet inneber ein konferanse og omtrent 1000 utstillings- og informasjonsstandar frå dei ulike deltakande selskapa og ein konsert. Frå og med 2022 har ONS òg byrja med å arrangera eit større debattprogram og nettverksarrangement i Stavanger sentrum. ONS har om lag 65 000 vitjande frå over 100 ulike land.
ONS er ein viktig møteplass der lokale og internasjonale energi-, teknologi- og industriselskap møtast, i tillegg kjem norske og utanlandske toppleiarar og akademikarar på vitjing. Som ein del av ONS Young vert òg vidaregåande elevar og studentar invitert.
Soge Etter at Noreg fann olje og gass i Nordsjøen på byrjinga av 70-talet, vaks det fram eit behov for ein møteplass for selskapa i den nye industrien for å danna nye samarbeid og innovasjon. ONS vart stifta av Stavanger kommune, Statoil, Stavanger Forum og Norsk Petroleumsforening i 1974. Same år vart det fyrste ONS-arrangementet halde.
I byringa var ONS hovudsakleg retta mot selskap som opererte i Nordsjøen. Etter kvart utvida bransjen produksjonen til andre område av den norske kontinentalsokkelen og i andre land elles, dette resulterte i at ONS byrja å taka føre seg nye problemstillingar som omfatta den internasjonale energibransjen.
Sidan 2010 har ONS teke ei retning mot ein brei energimarknad, og dei nyare arrangementa skal fremja fornybar energi og berekraft. ONS arrangerer ei rekkje møteplassar og arrangement over heile verda, ofte i partnarskap med andre selskap og organisasjonar.
Sidan det aller fyrste ONS-arrangementet i 1974 har kong Harald V, fyrst som kronprins og sidan som konge, vore den beskyttar til ONS. Vernarskapet vert forlengt kvart femte år, og vart forlengt med fem år i 2020.Kong Harald V fortsetter som ONS-beskytter E24. Besøkt 30. august 2022.
Tidlegare arrangement 2024 – Imagine 2022 – Trust 2020 – Together 2018 – Innovate 2016 – Transition 2014 – Changes 2012 – Confronting Energy Paradoxes 2010 – Energy for mora people 2008 – Energy for one world 2006 – Bridging the energy gap 2004 – Shaping our energy future 2002 – Energizing a new generation 2000 – Shaping the future of the energy industry 1998 – Energy needs and environmental demands 1996 – Oil and gas beyond 2000 – new frontiers 1994 – A changing world – a changing industry 1992 – Future energy markets – political and technological perspectives 1990 – The petroleum industry adjusting to new realities 1988 – Oil and gas in the 1990's – perspectives, challenges and opportunities 1986 – Northern waters: new political, economic and technical opportunities and concerns 1984 – Uncertainties and innovation – management of northern offshore resources 1982 – Production of oil and gas from deep and hostile waters 1980 – Uncertainties in the management of the offshore petroleum resources
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Offshore Northern Seas» frå , den 16. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
ONS gjennom 40 år i Stavanger byarkiv. ONS på 1970-tallet i Stavanger Aftenblad.
Kategori:Næringsliv i Stavanger Kategori:Petroleumsverksemd i Noreg Kategori:Norske stiftingar Kategori:Skipingar i 1974