Nanna With (fødd Anna Bergithe Caroline With, ) var ein norsk musikkpedagog, forleggjar, journalist og forfattar, kjend som den fyrste kvinnelege redaktøren i Noreg då ho 31 år gammal blei leiar for Vesteraalens Avis.

Liv og virke

Bakgrunn With var fødd på Andenes som dotter av Richard With og Oline Sophie Wennberg, og flytta med familien til Risøyhamn året etter at ho blei fødd. Mora døydde då ho var fire år gammal, og faren gifta seg opp att med moster hennar, Augusta. Familien blei buande i Risøyhamn til 1889, då foreldra, Nanna og seks søsken flytta til Bergen. Her gjekk ho på Fru Griegs skule. Ho studerte så musikk og song i Paris og Berlin.

Karriere Ho verka som musikklærar i Bergen 1893—94 og Oslo 1896—1905. I 1905 flytta ho til Stokmarknes for å bli redaktør i Vesteraalens Avis, og blei slik den fyrste kvinnelege redaktøren i Noreg. Ho sat i stillinga i to år, og drog rundt i distriktet for å sanka stoff og abonnentar. I tida hennar som redaktør auka avisa utgjevingane sine frå ein gong i veka til to. I 1907 skipa With også Vesteraalens Kvindesaksforening.

mini|portrett|venstre|Nanna With fotografert på 1930-talet

Etter ei tid i Tyskland (1908) busette ho seg i Kristiania, der ho skipa avisa Hver 14de dag, som mellom anna oppdaga Johan Falkberget.Jensen, Tone (24. oktober 1992): «Nordnorskens mamma», Nordlys Avisa blei seinare seld oftare, og endra namn til Hver 8de dag. Ho fekk sitt eige trykkeri som blei til eit forlag. Då avisa blei seld i 1918 heldt Nanna With på Nanna With Forlag, eller With & co. Dette gav ut den fyrste norskskrivne teikneserien Kari, Per og Søren på bytur (1912–1914), med tekst av henne sjølv. Illustratør var Gunnar Tandberg, som på den tida var fast tilsett i gullsmedfirmaet N.M. Thune. Frå 1912 hadde dei den fyrste ruta på trykk i magasinet For Hus og Hjem, og i 1913 gav dei ut det som truleg var både den fyrste lengre teikneserien og den fyrste teikneseriesamlinga i Noreg, Kari, Per og Søren paa Bytur. I 1913 gav With og Tandberg òg ut samlinga Kari, Per og Søren paa besøk i hovedstaden og paa reise til Amerika.

With tok over redaktør- og utgjevaransvar for bladet Sportsmanden i 1914. Dette var også ei uvanleg stilling for ei kvinne på den tida. Ho auka tekstinnhaldet og bildematerialet i bladet, og utgjevingane auka til to i veka i 1920.

I tida 1916–1920 gav ho ut oppslagsverket Illustrert biografisk leksikon over kjendte norske mænd og kvinder på forlaget sitt. Etter å ha bygt opp eit travelt forlag med kring femti tilsette, selte ho likevel verksemda i 1919, og reiste rundtom verda ei tid. Dette skildra ho seinare i boka Noe å leve for: tidsbilder fra mange land frå 1960.

I 1920–22 drog With på foredragsreiser rundtom i Noreg. Frå 1923 verka ho som pedagog i stemmebruk i tidleg til å verka som journalist. Ho var til dømes frilansjournalist for Aftenposten.

Foreiningsverksemd og politisk verksemd Saman med Agathe Backer Grøndahl og Thorvald Lammers grunnla ho Oslo Musiklærerforening (1905), og blei den fyrste leiaren. Vidare leia ho Norsk Yrkeskvinneforening og sat sentralt i Norske Kvinners Sanitetsforening, der ho truleg var den som tok til orde for etableringa av «Maiblomsten».

With grunnla kvinneavdelinga i Frisindede Venstre, og var leiar der frå 1920 til ho melde seg ut av partiet i 1927 og skipa Oslo Kvinneparti. Dette partiet blei lagt ned etter nokre år, men With heldt fram som kvinnepolitisk aktiv mellom anna gjennom arbeid og leiarskap for Oslo kvinnelige handelsstandsforening, og som leiar for den norske delegasjonen til Stemmerettsalliansekongressen i Berlin i 1929.

With var sentral i Nordlendingenes Forening, der ho var styremedlem frå 1901, og seinare leiar. Ho var også sentral i etableringa av Nordnorsk student- og elevhjem i 1925, der studentar frå Nord-Noreg kunne bu i studietida. Her finn ein i dag ei byste av With.Om Andenes

Prisar og utmerkingar

Petter Dass-medaljen (1912) Kongens fortjenstmedalje i gull (1936) Æresmedlem i Noregs Musiklærerforbund

I 2013 blei Nanna Withs plass opna i sentrum av Andenes.

Utgjevingar

Illustrert Biografisk Leksikon over kjendte norske mænd og kvinder, With & Co, 1916. Underveis: tidsbilder og minner. Oslo: Dreyer, 1954. Noe å leve for: tidsbilder fra mange land. Oslo: Dreyer, 1960. 

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nanna With» frå , den 27. desember 2022.

Bakgrunnsstoff

«Ho var den første kvinnelege redaktøren i landet - no blir ho heidra på heimplassen», NRK 24. august 2013

Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske redaktørar Kategori:Journalistar i norske lokalaviser Kategori:Norske musikkpedagogar Kategori:Folk frå Andøy