Lauro De Marinis (), kjend under artistnamnet Achille Lauro, er ein italiensk songar, rappar og låtskrivar. Han har utmerka seg i den italienske hiphop-scena og deltok i Sanremo-festivalen 2019 med songen «Rolls Royce», i 2020 med «Me ne frego» og sist i 2022 med songen «Domenica». Han representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Stripper», etter å ha vunne den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino.
Bakgrunn De Marinis vart fødd i Verona i 1990, men vaks opp i hovudstaden Roma. Då han var 14 år, flytta foreldra hans til ein annan by, men han valde å bli buande hos sin fem år eldre bror, Federico. Broren var då produsent for hiphop-kollektivet Quarto Blocco, og det var her De Marinis fekk kontakt med undergrunnsrap og punkrock. Han gav ut sin fyrste mikstape i 2012, og to år seinare kom debutalbumet Achille Idol Immortale. Etter fleire singlar og oppfølgjaralbumet Dio c'è skipa han sitt eige plateselskap – No Face Agency – og gav ut sitt tredje album, Ragazzi madre, der i 2016.
Saman med produsent Boss Doms (Edoardo Manozzi) deltok De Marinis i realityprogrammet Pechino Express på Rai 2 i 2017. Deretter jobba han med Boss Doms på eit nytt album, som vart gjeve ut i 2018 under tittelen Pour l'amour, distribuert av Sony. I 2019 fekk han ein niandeplass i Sanremo-festivalen med låten «Rolls Royce», året etter fekk han ein åttandeplass i same tevling med «Me ne frego».
I 2021 kom studioalbumet Lauro, som toppa den italienske albumlista. I 2022 deltok Lauro i Sanremo-festivalen, akkompagnert av Harlem Gospel Choir, og tok 14. plass med låten «Domenica». Kort tid etter deltok han i Una voce per San Marino med songen «Stripper». Han vann tevlinga og representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino i Italia. Låten kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Diskografi Studioalbum 2014 – Achille Idol Immortale 2015 – Dio c'è 2016 – Ragazzi madre 2018 – Pour l'amour 2019 – 1969 2021 – Lauro
Coveralbum 2020 – 1990 2020 – 1920 – Achille Lauro & The Untouchable Band
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Achille Lauro (sanger)» frå , den 15. desember 2022.
Kategori:Italienske songarar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-deltakarar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar