Erteblomordenen eller erteblomsterordenen (Fabales) er ein orden av blomsterplantar som består av fire familiar av tre, buskar og urter. Blomane er samla i klasar, aks eller hovud.
Artane er rike på garvestoff, gallussyre, leucanthocyan og andre flavonoidar. Dei inneheld også ellaginsyre. Kimen er grøn allereie inne i frøet. Plantane har også det til felles at dei har symbiose med nitrogenfikserande bakteriar.
Erteblomfamilien (Fabaceae) er med sine 730 slekter og drøye kjende artar den tredje største plantefamilien som finst, berre overgått av orkidefamilien (Orchidaceae) med 22–25 000 artar og kogvplantefamilien (Asteraceae) med kring 1 600 slekter og om lag 22 000 artar.
Kjende familiar Erteblomfamilien (Fabaceae) eller belgfruktplantar (Leguminosae)Gruppa av belgfruktplantar har to alternative vitskaplege namn som begge er i bruk. Forholdet mellom dei var uavklart per 2011.) – 730 slekter med minst 19 400 artar Erteblomfamilien (Papilionoideae) Tamarindfamilien (Caesalpinioideae)Kanskje ein ikkje-monofyletisk underfamilie. Mimosafamilien (Mimosoideae) Blåfjørfamilien (Polygalaceae) – 17 slekter med om lag 1 000 artar av urter, buskar og tre Quillajaceae – ein familie med ei slekt og to artar med tre Surianaceae – ein familie med fem slekter og elleve artar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erteblomstordenen» frå , den 17. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Planteordenar