Vala Flosadóttir () er ein islandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Reykjavík som vann bronsemedaljen i stavhopp under Sommar-OL 2000. Ho bur i Sverige,
Vala høyrde til den fyrste generasjonen kvinnelege stavhopparar. I 1996 gjekk ho til topps i stavtevlinga ved innandørs-EM 1996 i Stockholm. To år seinare vart ho nummer tre i innandørs-EM, medan ho i innandørs-VM 1999 kom på andreplass. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney hausten 2000 sette ho personleg rekord med eit hopp på 4,50 meter og sikra seg bronsemedaljen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vala Flosadóttir» frå , den 1. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Islandske friidrettsutøvarar Kategori:Stavhopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Island Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Islandske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå Reykjavík