Magnus Tuv Myhre () er ein norsk friidrettsutøvar frå Jevnaker som vart norsk meister på 5 000 meter under NM i friidrett 2022. Han er medlem i Brandbu IF.
I mai 2022 sette Myhre personleg rekord på 5 000 meter i Stockholm med tida 13.27,0. Under EM i friidrett 2022 sprang han inn til sjuandeplass på 10 000 meter på personbeste 28.02,1.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magnus Myhre» frå , den 26. september 2022.
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske terrengløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Jevnaker