Hallo er ein interjeksjon som kan brukast som helsingsord eller for å påkalla merksemd. Ordet finst på ei rekkje språk, og har hovudsakleg spreidd seg som frå engelsk som eit ord ein byrjar telefonsamtalar med. Det har likevel gammalhøgtysk opphav.
Bruk
Ein kan til dømes seia «hallo» når ein treffer ein person, til å starte ein samtale med eller for å finna ut om det er nokon ein stad. Ein kan også bruka ordet meir uformelt for å påkalla merksemd mot noko ein meiner er rart.
Ordsoge Engelsk hallo eller hello kjem frå gammalhøgtysk halâ/holâ, ei imperativsform av halôn/holôn, 'henta', som særleg blei brukt til å få få fatt i ferjemenn.Hallo, Hello. Oxford English Dictionary Online. Second Edition, 1989. Oxford University Press Ordet blei brukt for å påkalla merksemd eller for å uttrykka overrasking.
Hallo på telefonen mini|Telefondame frå byrjinga av 1900-talet. Thomas Edison skal ha innført «hello» som telefonord. Telefonoppfinnaren Alexander Graham Bell føretrekte «ahoy», som ein brukte på skip, som helsingsord., Ordet «hello» blei likevel så tett knytt til telefonen at amerikanske telefondamer blei kjende som hello-girls.
Sjå og Hallodame Hello World
Kjelder
Kategori:Interjeksjonar Kategori:Telefon Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Helsing Kategori:Tyske ord og uttrykk