Som ein del av utgjevinga av norsk raudliste for artar vurderer Artsdatabanken alle artar av etablerte hekkefuglar i Noreg mot kriterium for risiko for å døy ut frå Noreg. I 2021 blei totalt 234 fugleartar vurderte for Fastlands-Noreg, i tillegg til dei nemnde hekkeartane er einskilde andre mindre vanlege artar i Noreg òg vurderte.
Spreiing av fugleartar over raudlistekategoriar For forklaring av kategoriane, sjå IUCN si globale raudliste og Norsk raudliste for artar Status 2021 62 artar er truga, eller 26 % av dei vurderte artane. Kategoriar: 11 artar er Kritisk truga – CR 18 artar er sterkt truga – EN 33 artar er sårbare – VU Andre raudlista kategoriar: 3 artar er regionalt utdøydde – RE 28 artar er nær truga – NT
141 artar er livskraftige – LC ikkje vurderte: 33 artar er lista som ikkje egna - NA, til dømes fordi dei ikkje er etablerte hekkefuglar, døme busksongar og isfugl, eller er frammande / innførte, døme: mandarinand
Utvikling 2010 2015 2021 Truga artar (CR, EN, VU) 16 % 20 % 26 % Nær truga (NT, tar òg med RE) 17 % 15 % 14 % Livskraftige 67 % 65 % 60 %
Liste over truga artar med kort grunngjeving Kritisk truga CR
Sterkt truga EN Sædgås, (taigasædgås) Anser fabalis, endra frå VU Svært få individ: 60 til 120 per 2015 og ukjent utvikling
Knekkand, Spatula querquedula Hekkebestanden er estimert til å ligge i bandet 50-250 individ
Bergand, Aythya marila, endra frå VU Liten og minkande populasjon: 300 til 640 per 2015 og minkande med meir enn 20 % over to generasjoner
Myrrikse, Porzana porzana Hekkebestanden er estimert til å ligge i bandet 50-250 individ, og det er ikkje informasjon om endring av populasjonen etter 2015
Dvergdukkar, Tachybaptus ruficollis, endra frå VU Arten har mest sannlynleg færre enn 250 hekkefuglar i Noreg.
Storspove, Numenius arquata, endra frå VU Minkande populasjon, ned 50-80 % over 30 år
Krykkje, Rissa tridactyla Minkande populasjon, ned 50-80 % over 30 år
Makrellterne, Sterna hirundo Minkande populasjon, ned 50-80 % over 30 år
Lunde, Fratercula arctica, endra frå VU Minkande populasjon, ned 50-80 % over 42 år
Havhest, Fulmarus glacialis Minkande populasjon dei to siste generasjonane (50 år) og færre enn 2500 hekkefuglar
Myrhauk, Circus cyaneus Liten hekkebestand, estimert til å ligge i bandet 50-250 individ
Hubro, Bubo bubo Liten og minkande populasjon, ned 50-80 % over 33 år
Lappsongar, Phylloscopus borealis Hekkebestanden er estimert til å ligge i bandet 50-250 individ
Lappsporv, Calcarius lapponicus, endra frå VU Populasjonen er tiltakande minkande, ned 50-80 % over 10 år
Slagugle, Striendra uralensis Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg
Skjeggmeis, Panurus biarmicus Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg
Svartraudstjert, Phoenicurus ochruros Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg
Svartstrupe, Saxicola rubicola Færre enn 50 hekkefuglar i Noreg, kan rekolonisere frå Storbritannia Sårbar VU Tundrasædgås, Anser serrirostris
Stjertand, Anas acuta
Stellerand, Polysticta stelleri
Ærfugl, Somateria mollissima, endra frå NT
Sjøorre, Melanitta fusca
Svartand, Melanitta nigra
Sivhøne, Gallinula chloropus
Sothøne, Fulica atra
Horndukkar, Podiceps auritus
Dverglo, Charadrius dubius
Brushane, Calidris pugnax, nedgradert frå EN
Fiskemåse, Larus canus, endra frå NT
Gråmåse, Larus argentatus, ny på lista år 2021
Tjuvjo, Stercorarius parasiticus, endra frå NT
Alke, Alca torda, nedgradert frå EN
Gulnebblom, Gavia adamsii, endra frå NT
Stormsvale, Hydrobates leucorhous
Fiskeørn, Pandion haliaetus
Hønsehauk, Accipiter gentilis, endra frå NT
Jaktfalk, Falco rusticolus, endra frå NT
Kornkråke, Corvus frugilegus
Granmeis, Poecile montanus, ny på lista år 2021
Sandsvale, Riparia riparia, endra frå NT
Grønfink, Chloris chloris, ny på lista år 2021
Gulsporv, Emberiza citrinella, endra frå NT
Skeiand, Spatula clypeata
Lappfiskand, Mergellus albellus
Vaktel, Coturnix coturnix
Vassrikse, Rallus aquaticus
Dvergmåse, Hydrocoloeus minutus
Lappugle, Strix nebulosa
Bandkrossnebb, Loxia leucoptera
Dvergsporv, Emberiza pusilla
Regionalt utdøydde i Noreg Rapphøne, kornsporv og topplerke.
Anna Følgjande fugleartar vart vurderte til ikkje lenger å vere nær truga og kategoriserte som livskraftige artar i 2021: lirype, fjellrype, toppdukkar, blåstrupe, bergirisk og sivsporv.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Artsdatabanken, 24. november 2021, Norsk rødliste for arter 2021 Verktøy for søk og utval på ulike typar kriterium, oppslag, grafiske framsyningar av statistikk, og nedlasting av liste over alle artar i alle artsgrupper med vurdering
Kategori:Miljøvern i Noreg Kategori:Raudlisting Kategori:Artsdatabanken Kategori:Truga artar i Noreg Kategori:Fuglar