In Outer Space er det tolvte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i april 1983 av Atlantic Records. Brørne Ron og Russell Mael produserte albumet sjølv.

Utgjeving In Outer Space vart eit av dei mest suksessrike albuma til Sparks i USA. Det nådde 88. plassen på Billboard 200, og bygde vidare på suksessen frå dei to førre albuma deira. I Frankrike vart singelen «Modesty Plays», som ikkje var med på det originale albumet og som opphavleg vart laga for TV-serien Modesty Blaise, lagt til som siste spor.

«Cool Places» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 49. plassen på Billboard Hot 100. Songen var ein duett med rytmegitaristen og korvokalisten i The Go-Go's, Jane Wiedlin. Bandet til Wiedlin var særs populære og at ho deltok på singelen, før til at han vart den største hitten til Sparks i USA. «Cool Places» vart forleng på 12-tommaren og begge formata kom med songen «Sports» som B-side, som ikkje var med på albumet. Singelen vart òg den første av mange for bandet som gjekk inn på Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista, der han nådde 13. plassen.

«All You Ever Think About Is Sex» vart remiksa og gjeven ut som den neste singelen, men gjekk ikkje inn på singellista. Det vart òg laga ein lengre miks og denne kom ut med ein remiksa versjon av albumsporet «Dance Godammit» på både 7"- og 12"-utgåvene.

Verken albumet eller singlane gjorde det særleg godt i Storbritannia.

Innhald

Medverkande Henta frå platenotata til In Outer Space. Russell Mael – vokal Ron Mael – klaverinstrument Bob Haag – gitar Leslie Bohem – bassgitar David Kendrick – trommer James Goodwin – klaverinstrument Jane Wiedlin – gjestevokal på «Cool Places» og «Lucky Me, Lucky You»

Produksjon Ron Mael – plateprodusent Russell Mael – produsent Dan Lacksman – lydteknikar Brian Reeves – miksing; lydteknikar Marc Moulin – albumkoordinering Larry Vigon – kunstnarisk leiar og design Jim Shea – fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «In Outer Space» frå , den 26. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Carrere Records-album Kategori:Oglio Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:USA-amerikanske synthpop-album