Dmitrij Vasiljevitsj Karpov () er ein kasakhstansk tidlegare mangekjempar frå Karaganda som vann bronsemedaljen i tikampen i så vel Friidretts-VM 2003, som Sommar-OL 2004 og Friidretts-VM 2007.

Aktiv Karpov kom over 8 000 poeng fyrste gongen i 2003. Under verdsmeisterskapen i Paris/Saint-Denis same året presterte han heile 8 374 poeng og tok bronsemedaljen, einast Tom Pappas frå USA og Roman Šebrle frå Tsjekkia sanka fleire poeng.

I Hall-VM 2004 sette Karpov asiarekord i sjukamp med 6 155 poeng og vart nummer 4. Sommaren 2004 forbetra han asiarekorden i tikamp til 8 512 poeng då han vart nest best i meistermøtet i Götzis. Deretter gjorde han sitt livs beste tikamp ved dei olympiske leikane i Aten, 8 725 poeng sikra han bronsemedaljen i tevlinga bakom nemnde Šebrle og Bryan Clay frå USA.

Under Friidretts-VM 2007 i Osaka oppnådde Karpov 8 586 poeng og tok sin tredje bronsemedalje i tikamp, Roman Šebrle vart verdsmeister framom Maurice Smith frå Jamaica. Etter å ha vorte tredjemann i sjukampen ved hall-VM 2008, makta Karpov ikkje å prestere opp mot tidlegare nivå i tikamp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Bronsemedalje - 8 374 poeng OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 8 725 poeng VM 2005 i Helsinki: Braut VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje - 8 565poeng OL 2008 i Beijing: Braut VM 2009 i Berlin: Nr 21 – 7 952 poeng VM 2011 i Daegu: Nr 21 – 7 550 poeng OL 2012 i London: Nr 18 – 7 926 poeng VM 2013 i Moskva: Braut

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dmitri Karpow» frå , den 5. juli 2021.

World Athletics

Kategori:Kasakhstanske friidrettsutøvarar Kategori:Mangekjemparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kasakhstan Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kasakhstanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kasakhstanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kasakhstanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012