Gordon Sidney Cowans () er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var midtbanespelar med framifrå teknikk.
Klubbspel Cowans fekk sin ligadebut på Aston Villa i 1976. Med Aston Villa vann han ligacupen 1977, ligameisterskapen 1981 og europacupen 1982, den siste etter siger 1–0 mot Bayern München. Sommaren 1985 vart Cowans overført til Bari og italiensk seriefotball. Etter tre år i Italia vende han tilbake til Aston Villa i 1988. Frå 1991 til 1997 tente han til levebrødet i ei rad engelske klubbar; Blackburn Rovers, enno ein gong Aston Villa, Derby County, Wolverhampton Wanderers, Sheffield United, Bradford City, Stockport County, Burnley FC.
Landslagsspel Cowans spelte 10 kampar på Englands landslag, den fyrste i februar 1983 og den siste i november 1990. Han skåra to landslagsmål, det fyrste mot Skottland og det siste mot Egypt. Cowans var aldri med om å tape ein landskamp.
Merittar Vinnar av Europacupen: 1982 med Aston Villa Engelsk ligameister: 1981 med Aston Villa Vinnar av den engelske ligacupen: 1977 med Aston Villa
Kjelder eu football
Denne artikkelen bygger på «Gordon Cowans» frå , den 4. juli 2024.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Bari-spelarar Kategori:Blackburn-spelarar Kategori:Wolverhampton-spelarar Kategori:Derby-spelarar