Barbro Fagerbakk () er ein norsk programleiar og tidlegare Farmen-deltakar. Fagerbakk deltok i Farmen i 2004 saman med far sin, Eskil. Ho trekte seg frå programmet på grunn av ein brannskade.VG: Barbro trakk seg etter brannskade Etter Farmen har ho arbeidd med fleire fjernsynskonsept, mellom anna Kjendisjakten, som var eit norsk underhaldningsprogram som gjekk på TV 2 frå 2004 til hausten 2005, der ho var programleiar saman med Pia Haraldsen. I 2006 arbeidde ho saman med Øyvind Fjellheim i fotballprogrammet Avspark lørdag.TV 2: Gikk fra å være reality-stjerne til å bli programleder
I 2007 gifta ho seg med kreftforskar Hans Petter Eikesdal. Ho busette seg like etter i Boston i USA, der ektemannen hennar er tilsett som kreftforskar ved Harvard. Sjølv byrja ho å studere statsvitskap.VG: «Farmen»-Barbro er gravid
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barbro Fagerbakk» frå , den 31. august 2012.
Fotnotar
Kategori:Norske Farmen-deltakarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Norske programleiarar Kategori:Folk frå Narvik