Ivo Sanader, tidlegare Ivica Sanader, () er ein kroatisk politikar, og statsminister i Kroatia frå 23. desember 2003 til 6. juli 2009. Han leia høgrepartiet Hrvatska demokratska zajednica (HDZ), (Den kroatiske demokratiske unionen) frå 2002. HDZ er partiet til den nasjonalistiske presidenten i Kroatia på 1990-talet, Franjo Tudjman. Sanader freista å distansera seg sjølv og partiet frå den nasjonalistiske fortida og gjera partiet til eit moderne europeisk høgreparti. Ved parlamentsvalet 23. november 2003 vart HDZ det største partiet med 33,9 % av røystene, og Sanader skipa regjering.

20. november 2012 blei han dømd til ti års fengsel for korrupsjon i løpet av tida si som statsminister av ein domstol i Zagreb.Kroatiens Ex-Regierungschef muss zehn Jahre in Haft Die Welt nettutgave, besøkt 20. november 2012Croatia jails ex-PM Ivo Sanader for taking bribes The Guardian nettutgave besøkt 20. november 2012

Kjelder

Kategori:Kroatiske politikarar Kategori:Statsministrar i Kroatia Kategori:Folk frå Split