Lilly Helena Bølviken () var ein norsk jurist og den første kvinnelege høgsterettsdommaren i Noreg. Ho var aktivt engasjert i kvinnesaka og var 1. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening frå 1960 til 1966.

Karriere Lilly Henriksen voks opp i Arendal og blei cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1942. Ho arbeidde deretter som sekretær i Statens prisdirektorat 1942–1945. I 1945 blei ho dommarfullmektig i Sør-Hedmark. Same året gifta ho seg med høgsterettsadvokaten Magne Bølviken. I 1946 vende ho attende til Statens prisdirektorat som kontorsjef ved distriktskontoret for Hedmark og Oppland 1946–1952. I 1952 blei ho byrettsdommar i Oslo byrett, som tredje kvinne, og var i fleire år den einaste kvinnelege dommaren i byretten. I kraft av dette var ho ein av dei fremste kvinnelege juristane i Noreg på den tida.

Ho var dommar i Høgsteretten frå 1968 til 1984. Då ho tok sete som høgsterettsdommar i 1968 måtte ein endra måten ein tiltalte Høgsterett på når ein opna forhandlingane i ei sak. Tidlegare ville prosessfullmektigen opna med: «Høyst ærverdige herrer, rikets øverste dommere.» Dette blei endra til den kjønnsnøytrale tiltaleforma ein har i dag: «Høgst ærverdige rett, rikets øverste dommere.»

Lilly Bølviken var aktivt engasjert i kvinnesaka, særleg i 1950- og 1960-åra. I tolv år (1954–1966) var ho medlem av landsstyret i Norsk Kvinnesaksforening, og var den 1. nestleiaren til samskipnaden 1960–1966. Leiaren til foreininga i dei seks åra ho var nestleiar var det seinare likestillingsombodet Eva Kolstad.«Lilly Bølviken», Norsk Kvinnesaksforening

Ho var formann for Ekteskapslovutvalget som i 1986 la fram forslag til nye lovreglar om inngåing og oppløysing av ekteskap i ekteskapsloven,NOU 1986: 2 Innstilling til ny ekteskapslov del I leiar for tilsynsrådet for Bredtveit fengsel, medlem av kontrollkomiteen for Landsbanken og leiar for Stortingets billighetserstatningsutvalg.«Møt kvinnene som endret Norge», Verdens Gang, 7. mars 2016

I 1978 blei Bølviken tildelt Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Ho døydde i 2011.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Lilly Bølviken» frå , den 8. desember 2020.

Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Norske høgsterettsdommarar