mini|Heimdall med Gjallarhornet, frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet Gjallarhorn (‘det gjallende hornet’) er eit horn knytt til guden Heimdall og den kloke Mime i norrøn mytologi. Det er nemnd ein gong i Den eldre Edda og tre gonger i Den yngre Edda. Ifølgje Snorre Sturlason i Gylvaginning vil Heimdall blåsa i hornet ved byrjinga av Ragnarok.Snorre Sturlasson, Gylfaginning (Den yngre Edda), Det norske samlaget (1973), s 47

Dette hornet kunne høyrast i både menneskeverda, gudeverda og underverda, og brukast til å vekka gudane dersom det er fare på ferde, særleg dersom nokon freista å koma seg over Bifrost, brua mellom Åsgard og Midgard, som Heimdall vaktar. Dette hornet skal òg markera byrjinga på Ragnarok, då verda går under.Snorre, s 87

Namnet Gjallarhorn blir òg brukt om (drikke-)hornet som Mime drikk av frå Mimebrønnen for å få visdom.Snorre, s 34 Ein går også ut frå at eddadiktet Grimnesmål viser til Heimdall sitt horn som eit drikkehorn.Grimnismål, vers 13 Den doble bruken av hornet - som blåseinstrument og som drikkehorn - har vore allment kjent òg i den «menneskelege» verda frå tidleg jernalder.Rudolf Simek, Dictionary of northern mythology, Stuttgart (1984), s 110-111 Hornet som varsling i strid er òg kjent frå andre land, jf. olifanten til den frankiske sogehelten Roland, som var eit blåseinstrument laga av elfenbein.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gjallarhorn» frå , den 20. november 2020.

Bakgrunnsstoff

Gjallarhorn i Store norske leksikon

Anders Bæksted, Nordiske guder og helte, København (1984), s 142-145 Kategori:Norrøn mytologi