A Short Hike er eit eventyrspel utvikla og utgjeve av den kanadiske programmeraren Adam Robinson-Yu (også kjend som adamgryu). Det har ei open verd som spelaren kan utforske der målsettinga er å klatre opp til toppen av eit fjell for å få mobildekning. Spelet vart utgjeve til Microsoft Windows, macOS og Linux i juli 2019, til Nintendo Switch i august 2020 og til PlayStation 4 og Xbox One i november 2021.
A Short Hike fekk positiv mottaking frå kritikarar, som roste den avslappa spelestilen, fridomen til å utforske og flygemekanikkane. Det vann Seumas McNally Grand Prize under Independent Games Festival i 2020.
Spelemekanikkar venstre|mini|Spelefiguren Claire kan flyge over alle områda i spelverda. Spelaren kontrollerer den antropomorfe fuglen Claire som utforskar ein park på ei øy som fungerer som ei open verd. Ho kan mellom anna jogge, klatre, symje og segle gjennom lufta. For å greie å kome til toppen av fjellet sentralt på øya, må spelaren finne eller kjøpe gylne fjører som lèt ein gjere ekstra byks i lufta og klatre på steinete overflater. Ifølgje eit skilt på vegen til fjelltoppen, kan ein greie å kome seg til tops med berre sju gylne fjører. Når spelaren har kome seg til toppen av fjellet, kan ein halde fram med å utforske parken og ta del i sideaktivitetar etter eige ønske.
Verda i spelet er folkesett med andre antropomorfe dyr, som tilbyr sideoppdrag og aktivitetar som fisking, leiting etter ting som er mista eller renning om kapp. Løna for å greie desse aktivitetane er ofte ting som gjer det lettare å utforske parken, som joggesko eller eit kompass. Spelaren kan òg samle skjel, pinnar, myntar og andre emne for å greie sideoppdraga.
Spelet har eit adaptivt lydspor som endrar seg etter tilhøva i spelet, til dømes om vêret endrar seg eller om spelaren flyg. Det har òg eit dynamisk kamera utvikla med Unity-verktøyet Cinemachine.Robinson-Yu, Adam (27. mars 2020). Crafting A Tiny Open World: A Short Hike Postmortem (Speech). Game Developers Conference. I tidsintervallet 11.25–11.40.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dataspel frå 2019 Kategori:Eventyrspel Kategori:Linux-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel