Down on the Farm er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat. Albumet vart fullført og utgjeve kort tid etter grunnleggjaren og frontmannen Lowell George døydde i 1979. Det var det siste originale albumet deira på ni år. Bandet hadde annonsert at dei kom til å gje seg i juni 1979, under innspelinga av albumet. Little Feat kom saman att i 1987.
Lowell George var berre så vidt medlem av gruppa då albumet vart spelt inn. Han hadde brukt mykje av tida si på å spele inn soloalbumet sitt, Thanks I'll Eat It Here. Medan han var på turné for å marknadsføre albumet, fekk han eit massivt hjarteinfarkt og døydde, og resten av bandet måtte fullføre albumet.
Plateomslaget vart laga av Neon Park.https://www.lambiek.net/artists/p/park_neon.htmGil Elvgren - «The Finishing Touch» (1960)
Innhald
Salslister Liste (1979/80)PlasseringAustralia (Kent Music Report)41USA (Billboard 200)29
Medverkande
Bandmedlemmar
Paul Barrère - gitar, vokal Sam Clayton - conga, vokal Lowell George - gitar, vokal Kenny Gradney - bass Richie Hayward - trommer, vokal Bill Payne - klaverinstrument, synthesizer, vokal
Andre medverkande
Rosemary Butler - korvokal Gordon DeWitty - klaverinstrument Robben Ford - gitar Jerry Jumonville - saksofon Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar David Lindley - gitar Earl Palmer - trommer («Feel the Groove») Fran Payne - korvokal Bonnie Raitt - korvokal Dan Smith - korvokal Fred Tackett - gitar (solo på «Kokomo») Lee Thornburg - trompet, trombone Julia Waters - korvokal Luther Waters - korvokal Oren Waters - korvokal Maxine Willard Waters – korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Down on the Farm av Little Feat» frå , den 7. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Little Feat-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Lowell George Kategori:Plateomslag av Neon Park Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios