mini|Frå skysstasjonen Heggestøl i Vinje i Telemark mellom 1880 og 1910. mini|Dombås skysstasjon i Oppland mellom 1860 og 1880. Skyss-stasjon (eller mest vanleg skysstasjon) var ein sentralt plassert gard eller annan bygning der reisande i gamle dagar kunne få hest og kjerre for ferda vidare, i tillegg til kost og losji. Mot godtgjersle hadde skysstasjonane visse plikter som t.d. å halde nok reiseklare hestar for ferdafolk.

Skyssvesenet i Noreg går langt attende i tid, og vart oppheva ved lov av 25. mai 1951.

Nye skysstasjonar I nyare tid har ein tatt å nytte ordet skysstasjon for knutepunkt for kollektivtransport. Ein slik ny skysstasjon er Lillehammer Skysstasjon som har omstiging både for buss og tog. Fagernes Skysstasjon er knutepunkt for bussruter i Valdres.

I tillegg til sjølve transporttiilbodet er det òg vanleg at skysstasjonar har enkle serveringsatader og kioskar.

Referansar

Kategori:Samferdselsinfrastruktur Kategori:Samferdslehistorie Kategori:Stoppestader