mini|Medlemmer av Moscow Helsinki Group: Julija Visjnevskja, Ljudmila Aleksejeva, Dina Kaminskaja og Kronid Lyubarsky i 1978
Dissident (frå engelsk, av latin dissidere, 'å vera ueinig' eller 'å avvika') viser til ein person som har ein anna oppfatning og/eller motarbeider den etablerte politikken, læra eller strukturen i eit samfunn eller ein stat. Dissidentar blir ofte verande i landet i staden for å forlata det og gå i eksil.
Omgrepet kan visa til ein person som strir mot ei rådande religiøs oppfatting. I Polen i reformasjonstida viste det til kyrkjesamfunn utanfor den katolske kyrkja sin universalitet. Striden mellom katolikkane og dissidentane var med på å bidra til oppløysinga av det polske riket.
I Sovjetunionen var Andrej Sakharov og Aleksandr Solzjenitsyn døme på dissidenter, og i Kina har Wei Jingsheng og Liu Xiaobo vore kjende dissidentar.
Sjå òg Dissentar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dissident» frå og «Dissident» frå , den 2. september 2020.
Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Politikk