The Margin er eit konsertalbum av Peter Hammill frå konsertar tidleg i 1980-åra med hans K Group. Hammill var K (på vokal, piano og gitar), Nic Potter var Mozart (på bassgitar), Guy Evans var Brain (på trommer) og John Ellis var Fury (på korvokal og gitar). Albumet kom opphavleg ut som eit dobbeltalbum på Foundry Records i 1985. Det kom ut på nytt nokre år seinare på CD på Virgin Records i Storbritannia og hadde då eitt spor mindre for å få plass til alt på ei CD-plate. På den tyske CD-utgåva mangla det to spor. Hammilll har sidan gjeve ut albumet på sitt eige Fie! som The Margin +. Denne hadde heller ikkje med det eine sporet, «The Second Hand», men inkluderte ein ekstra disk med konsertopptak som var gjevne ut før på piratkopiplata The Secret Asteroid Jungle.
Albumet vart gjeve ut utan konsertlydar (som applaus). Den ekstra plata som kom ut med The Margin + har derimot publikumslydar.Platenotat av Peter Hammill for «The Margin +», CD (2001). FIE 9125.
Plateomslaget er eit nakent svartkvittbilete av Hammill teken av den kjende nederlandske fotografen Anton Corbijn. Det har blitt eit ikonisk bilete av Hammill, og er ofte blitt brukt på plakatar og anna materiale.
Innhald The Margin
+
Medverkande The K Group Peter Hammill - vokal, gitar, piano John Ellis - sologitar og korvokal Nic Potter - bassgitar Guy Evans - trommer, perkusjon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Margin» frå , den 29. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Konsertalbum frå 1985