Fool's Mate er debutalbumet til Peter Hammill frå det progressive rockebandet Van der Graaf Generator som soloartist. Tittelen er både ein referanse til sjakk og tarot. Det vart spelt inn i Trident Studios med den faste produsenten der, John Anthony. Albumet vart spelt inn i 1971, midt i ein av dei mest aktive periodane til Van der Graaf Generator. Hammill brukte albumet til å spele songar han hadde til overs, som var både kortare og enklare songar enn dei han skreiv for Van der Graaf Generator, og skreiv på det originale plateomslaget: «Dette er ikkje meint å vere ei slags melding om den noverande musikalske stillinga mi, men samstundes er det eit album som involverer ein stor del av meg, hovudsakleg eit tilbakeblikk på røtene mine.»
Gjestemusikarar på albumet var medlemmar av Van der Graaf Generator, medlemmar frå Lindisfarne og gitaristen Robert Fripp.
Den britiske musikkpressa var generelt særs positive til Fool's Mate. Melody Maker såg det som eit av årets album.
Plateomslaget var designa av Paul Whitehead, som òg laga omslaga til Van der Graaf Generator på den tida og andre band på Charisma, som Genesis.
Fool's Mate inneheld ein av dei mest populære kjærleikssongane til Hammill, «Vision», som han framleis speler på konsertane sine. Både «Vision» og «The Birds» var omarbeidde for Hammill-albumet The Love Songs i 1984.
I 2005 kom Fool's Mate ut på ny med ommastra lyd på EMI Virgin Records, med fleire bonusspor.
Innhald Alle songane skrivne av Peter Hammill; utanom der andre er nemnde
Medverkande Frå plateomslaget. Peter Hammill – all solovokal (1-12); akustisk gitar, piano (1-4, 6-10, 12) Guy Evans – trommer, perkusjon (1, 3, 6, 7, 9, 11) Martin Pottinger – trommer (1, 2, 4, 10) Hugh Banton – piano, orgel (1, 3, 5-9, 11) Rod Clements – bass, fiolin (2, 4, 10) Nic Potter – bass (1, 3, 6-9, 11) Ray Jackson – munnspel, mandolin (2, 4, 10) David Jackson – alt- og tenorsaksofon, fløyte (1, 3, 6-8, 10) Robert Fripp – elektrisk gitar (1, 7, 8, 10-12) Paul Whitehead – tam tam (10) Fluctuating Chorale: Guy, Hugh, Dave, Ray, John, Norman, Alastair, John, Peter
Teknisk John Anthony – produsent Robin Cable – lydteknikar (Trident Studios, London) Paul Whitehead – plateomslag Sebastian Rich – fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fool's Mate (album)» frå , den 27. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Charisma Records-album Kategori:Album produserte av John Anthony Kategori:Album spelte inn i Trident Studios