Mala Kunia er det 147. albumet totalt og det 63. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i november 2014.

Dette er den åttande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Oversyn Mala Kunia kom ut i eit avgrensa opplag i høve konsertar i Australia seint i 2014. Albumet inneheld sju nye komposisjonar, to av dei skriven av det nye bandmedlemmet Ulrich Schnauss i lag med Edgar Froese.

Med denne utgjevinga starta ein ny Tangerine Dream-æra, «The Quantum Years», som fokuserte på å gå attende til ein meir enklare komposisjonsteknikk, inspirert av kvantefysikk.

Albumet er kalla opp etter to aboriginar-stammer som i følgde mytologien deira levde for lang tid sidan kring Uluru, eller Ayers Rock, der Mala-stamma budde på solsida, og Kunia på skuggesida.

Dei første 100 selte eksemplar kom med eit postkort signert av dei fire bandmedlemmane.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist Thorsten Quaeschning - klaverinstrument, komponist Ulrich Schnauss - klaverinstrument, komponist Hoshiko Yamane – elektrisk fiolin

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Tangerine Dream-album