Mark McKoy () er ein tidlegare friidrettsutøvar fødd i Georgetown i Guyana som representerte Canada fram til 1994 og deretter Austerrike. Han vart i 1992 olympisk meister i 110 meter hekk.

Aktiv McKoy voks opp i England og budde frå ungdomsåra i Canada. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot då han vann korthekken under samveldeleikane 1982. Der etter vart han fjerdemann i øvinga både ved verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki og Sommar-OL 1984 i Los Angeles.

I VM 1987 så vel som Sommar-OL 1988 enda McKoy på sjuandeplassen i 110 meter hekk. I 1991 kom han enno ein gong på fjerdeplass i den største årsmeisterskapen, VM i Tokyo. Sommaren 1992 forbetra han den kanadiske rekorden på spesialdistansen til 13,11 sekund. I OL-finalen 3. august 1992 sprang han på 13,12 og vann ein klar siger.

2. juli 1993 kom McKoy i mål på 13,08 sekund ved eit stemne i Villeneuve d'Ascq i Frankrike, hans livs beste løp i 110 meter hekk. I 1994 vart han austerriksk statsborgar og representerte landet i OL i Atlanta.

Doping Etter treningskollega Ben Johnson vart avslørt for doping under leikane i Seoul i 1988, vedgjekk også McKoy å ha nytta stimulerande stoff. Han var stengt ute frå tevling i 2 år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Nr 4 – 13,56 OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 – 13,45 VM 1987 i Roma: Nr 7 – 13,71 OL 1988 i Seoul: Nr 7 – 13,61 VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 13,30 OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 13,12, framom Tony Dees (13,24) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvartfinalane (13,64=nr 22)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mark McKoy» frå , den 23. juli 2020.

World Athletics

Kategori:Canadiske hekkeløparar Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Dopingsaker i friidrett Kategori:Folk frå Georgetown