Paris - February 2nd 1981 er det 84. albumet totalt og det 16. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i april 2004 som eit dobbeltalbum. Dette var det tredje av i alt ni album i den såkalla Bootmoon-serien til bandet, som i stor grad bestod av piratkopiopptak frå publikum. Alle desse platene vart berre utgjeve i eit avgrensa opplag på 10 000 eksemplar og selde til ein ganske høg pris.
Materialet på dette albumet er identisk til piratkopiplata Tangerine Tree Volume 14: Paris 1981, men det var ein feil i mastringa som gjorde at eitt minutt av musikken på første sporet og inn i andre sporet er støy.
Innhald
Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Chris Franke – klaverinstrument Johannes Schmoelling – klaverinstrument
Kjelder
Kategori:Konsertalbum frå 2004 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream