Kroken kyrkje er ei arbeidskyrkje med kyrkjesal i vifteplan. Kyrkja er frå 2006 og ligg i Tromsø. Ho er oppført i mur og har 480 sitjeplassar. Tor Lindrupsen har laga den kunstneriske utsmykkinga. Kroken kyrkje deler bygg med Tromsø døvekyrkje. Døvekyrkja held til i underetasjen i bygget. Kyrkja vart innvigd av to biskopar, Per Oskar Kjølaas, biskop i Nord-Hålogaland bispedømme, og Ole Christian Kvarme, biskop i Oslo bispedømme. Dette skjedde fordi døvekyrkja ligg under biskopen i Oslo.

Kroken vart skilt ut som eige prestegjeld i 1979, men det vart ikkje bestemt at kyrkja skulle byggjast, før i 2003. Då hadde ein hatt teikningar liggjande frå 1997, og ein fekk bygd eit bygg på 1650 kvadratmeter for 30 millionar kroner.

Kyrkjesalen er eit lyst rom med teglsteinsveggar. Salen er prega av den store altartavla, laga av Tor Lindrupsen. Altartavla dekkjer heile veggen bak altaret, og består av relieff med motiv frå bibelhistoria. Orgelet er bygd av Ryde & Berg Orgelbyggeri og har 20 register.Ryde & Berg om orgelet i Kroken kyrkje. Døypefonten er teikna av Nikolai Alfsen, som var arkitekt for heile kyrkja.

Tromsø døvekyrkje Tromsø døvekyrkje har eigne lokale i underetasjen i kyrkjebygget. Kyrkjesalen er eit amfi, noko som saman med lyssettinga skal gjere det lettare for døve å lese teiknspråket som blir brukt. Som for resten av bygget er det Nikolai Alfsen som har vore arkitekt og Tor Lindrupsen som har stått for den kunsteneriske utforminga.

Bilete

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kroken kirke» frå , den 15. juli 2020.

Bakgrunnsstoff

Kroken kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Tromsø Domprosti Kategori:Kyrkjer i Døveprostiet Kategori:Kyrkjer i Tromsø Kategori:Norske kyrkjer frå 2006 Kategori:Arbeidskyrkjer