Hamarøy kommune (lulesamisk Hábmera suohkanForskrift om Samisk navn på Hamarøy kommune, Nordland) er ein kommune i Salten i Nordland fylke. Kommunen grensar i nordaust mot Narvik, i sør mot Sørfold, i sørvest mot Steigen og i søraust mot Jokkmokk kommunar. I nord er det kystlinje mot Vestfjorden og i vest ligg innhavet Sagfjorden.

Hamarøy kommune, tidlegare Tysfjord kommune og Steigen kommune vert samla ofte omtalte som Nord-Salten og i enkelte interkommunale samanhengar som HTS-kommunane.

Hamarøy har eit areal på 1 031 kvadratkilometer og eit folketal på litt over 2 700. Administrasjonssenteret er Oppeid. Andre befolkningssenter er Presteid, Skutvik, Ulvsvåg, Innhavet, Tranøy, Drag og Storjorda.

Det nye kommunevåpenet vart teke i bruk 1. januar 2020 og viser eit svanepar som er inspirert av helleristingar på Korsnes. Det gamle kommunevåpenet vart godkjent den 19. februar 1982 og viser ein sølvfarga gaupe på blå bunn.Norske kommunevåpen. Kommunalforlaget 1987 Hamarøy er kjend som heimstaden til forfattaren Knut Hamsun.

Geografi Bjørntoppen (lulesamisk Biernatjåhkkå) 1520 moh, på grensa mot Narvik kommune, er det høgste fjellet i nye Hamarøy kommune.

Historie Kommunereforma 2014-2017 1. januar 2020 vart den gamle Hamarøy kommune og den sørvestre delen av gamle Tysfjord kommune slått saman til éin kommune under namnet Hamarøy kommune.Forskrift om sammenslåing av Hamarøy kommune og del av Tysfjord kommune

Ved samanslåinga vart nye Hamarøy kommune innlemma i samisk språkforvaltingsområdeForskrift om forvaltningsområdet for samisk språk, og er den einaste frå lulesamisk område på norsk side.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Hamarøy kommune sine heimesider

Kategori:Hamarøy kommune Kategori:Kommunar i Nordland Kategori:Salten Kategori:Samiske kommunar