William McNeill (), kjend som Billy McNeill, var ein skotsk fotballspelar og -trenar frå Bellshill. Han vert særleg hugsa som lagkaptein i Celtic-mannskapet som vann finalen i europacupen 1967.

Karriere Klubbspel McNeill var forsvarsspelar på Celtic FC frå 1958 til 1975. I denne perioden deltok han i 822 klubbkampar. Frå 1966 til -74 vann laget samtlege ni ligameisterskap i Skottland. McNeill var kaptein for ein klubb som 1965-75 også sigra sju gongar i den skotske cupmeisterskapen og seks gongar i ligacupen. Det store høgdepunktet kom då Celtic vann europacupfinalen 1967 med 2-1 mot FC Inter i Lisboa. Også i 1970 tok Celtic seg til finalen i europacupen, då vart det tap mot Feijenoord etter ekstraomgangar.

Landslagsspel McNeill spelte 29 landskampar for Skottland og skåra 3 mål.

Trenar McNeill var Celtic-trenar i til saman ni sesongar, fyrst 1978-83 og sidan 1987-91. I fire av sesongane henta laget hans heim seriepokalen og tre gongar vart Celtic skotsk cupmeister.

Ein statue av McNeill vart i 2015 reist utanfor Celtic Park.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Billy McNeill» frå , den 4. mai 2020. eu-football

Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Celtic-spelarar