Annie Haslam () er ein engelsk vokalist, låtskrivar og målar. Ho er mest kjend som frontkvinne og songar i det progressive rockebandet Renaissance sidan 1971, og for den lange og varierte solokarrieren sin. Ho har ei vokalrekkjevidd som strekkjer seg over fem oktavar.Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 207. Frå 2002 har Haslam òg drive ein karriere som biletkunstnar og måla måleri, målte musikkinstrument og giclée-bilete.
Biografi Haslam studerte under operasongaren Sybil Knight i 1970.Romano, Will (2010). Mountains come out of the sky: an illustrated history of prog rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 132. I februar 1971 vart ho ny songar i Renaissance, etter å ha svart på ei annonse i det britiske magasinet Melody Maker og prøvesunge for bandet i Surrey.
Med Renaissance var Haslam solovokalist på sju studioalbum i den klassiske perioden deira frå 1972 til 1979, og fire album etter 1981.Allmusic Renaissance discography. Henta 6. april 2020. I 1977 byrja Haslam på ein solokarriere med albumet Annie in Wonderland, produsert av Roy Wood, som spelte dei fleste instrumenta på albumet. Ho har sidan gjeve ut åtte studioalbum, tre av dei på eige selskap. Haslam var trulova med Wood i fire år. I 1991 vart ho gift med Marc I. Hoffman, som enda med skilsmisse.
Solodiskografi 1977: Annie in Wonderland 1985: Still Life 1989: Annie Haslam 1994: Blessing in Disguise 1995: Supper's Ready: (hyllestalbum til Genesis) (gjestevokalist) 1995: Tales From Yesterday (hyllestalbum til Yes) (gjestevokalist) 1998: Live Under Brazilian Skies 1999: The Dawn of Ananda 1999: Portraits of Bob Dylan av Steve Howe (album) (gjestevokalist) 2000: It Snows in Heaven Too 2002: One Enchanted Evening 2005: Icon av John Wetton & Geoff Downes (album) (gjestevokalist) 2006: Miles of Music av Bob Miles (gjestevokalist) 2006: Live Studio Concert 2006: Night and Day EP med Magenta skriven for Haslam av Rob Reed og Christina Booth 2007: Woman Transcending 2012: Songs of the Century: (hyllestalbum til Supertramp) (gjestevokalist) 2014: 'Live' Studio Concert Philadelphia 1997 (Re-release) 2017: Don't Give Up Single, duett med Jann Klose
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Annie Haslam» frå , den 6. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff AnnieHaslam.com – Offisiell nettstad
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Kvinnelege rockesongarar Kategori:Progressive rockemusikarar Kategori:Musikarar frå Manchester Kategori:Engelske målarar Kategori:Renaissance-medlemmar